Hopp til innhold

Åtvarar mot svært glatte vegar

Både politiet og Statens vegvesen åtvarar mot særs glatte vegar i morgontimane.

Kø i glatt bakke

LANG KØ: Bilane kom seg ikkje opp denne bakken ved Tyssedal i Flekke.

Foto: Tormod Arstein

Rett før Flekke i Fjaler har det blitt lange køar på grunn av ein glatt bakke. Tormod Arstein fortel at han var på veg til jobb.

– På eitt av dei brattaste partia var det såpeglatt og bom stopp. Det var lang kø, så eg snudde og køyrde heim att. Etter ein time køyrde eg tilbake og då var det like lang kø, fortel han.

I Florø køyrde ein bil av vegen ved Kleiva på grunn av glatt vegbane. Det er ikkje meldt om personskade.

– Skummelt føre

Operasjonsleiar hos politiet, Hans-Eirik Thue, oppmodar bilistar om å køyre forsiktig.

– Vi har fått nokre meldingar om glatte vegbanar no på morgonkvisten. Vi oppmodar bilistane å ta det med ro når dei skal ut å køyre, seier han.

Yrkessjåfør Trond Hovlandsdal er ein av bilistane som er ute på vegane no, og han melder om eit skummelt føre mellom Grov og Svelgen.

– Det var isdekke heile vegen, spesielt frå Magnhildskarstunnelen til Svelgen. Det låg vatn oppå isen. Eg køyrer stor bil, så det er rett og slett kjettingføre. Eg måtte stoppe for å legge på.

Ein innringar melder om at det er særs glatt mellom Dombestein og Isane ferjekai i Bremanger.

Underkjølt regn

Statens vegvesen har allereie fått inn fleire meldingar om føret i morgontimane, seier trafikkoperatør Jan Erikstad. ved Vegtrafikksentralen.

Halldis Berge ved Vervarslinga på Vestlandet seier årsaka til dei glatte vegane er eit nedbørsområde som har passert over Sogn og Fjordane i natt.

– Det har vore lett regn. Og med den kalde bakken, så har det frose på slik at det har blitt veldig glatt. Men det går mot opphaldsvêr stort sett over heile fylket, så eg trur det vil komme seg i løpet av dagen.