Brøytebilsjåførar NRK har snakka med seier dei må strø jamt for å gjere dei glatte vegane køyrbare.
Dei låge temperaturane i bakken gjer at regnet som no fell, mange stadar fort frys til is når det landar i vegbana.
– Så lenge det regnar jamt, går det greitt, men så snart det er ei pause i nedbøren går det ikkje lenge før regnet i vegbana frys til is, seier ein sjåfør vi har snakka med.
Flekkvis glatt
På fylkesveg 698 mellom Stryn og Lote er det flekkvis glatt.
– Vi har køyrt på ganske mykje sand no, seier brøytebilsjåfør Kristian Vinsrygg.
Han fortel om svært vekslande køyreforhold.
– Vi vekslar mellom å brøyte og å strø alt etter kvar vi er, seier Vinsrygg.
Han seier at det akkurat no er mest glatt litt oppe i høgda.
Glatt mange stader
Meteorologisk institutt melder om at det er glatt i ytre strok i fylket. Elles har vi fått tips om at det kan vere glatt på følgjande vegstrekningar:
- Markane mellom Styn og Kjøs
- E39 Moskog og inn mot Førde
- På Fv 609 mellom Førde og Askvoll
- Mellom Svelgen og Grov