Elevane er mest attraktive i USA. Utviklingsdirektør på skulen, Magne Bjergene, seier dei vert nedringde av universitet som vil ha elevane deira. Mange lærestader sender representantar til Fjaler for å marknadsføre seg blant studentane.
Ikkje berre toppstudentane
Elevane er så attraktive at dei knapt treng å ha bestått utdanninga for å få tilbod om vidare høgare utdanning.
Magne Bjergene Arkivfoto NRK
Mange elevar frå u-land
IB-diplomet er provet på at du har gjennomført to års skulegang på eitt av ti United World College som finst rundt om i verda. Ein stor del av elevane er frå u-land eller konfliktområde, og for desse elevane er tilbod om stipend som dekker utdanninga ekstra mykje verd, seier utvilingsdirektør Magne Bjergene.
Meir enn fagleg kunnskap trekkjer
Og Bjergene meiner det er meir enn den faglege kunnskapen til elevane på United World College som gjer dei attraktive blant dei amerikanske universiteta. - Det å knyte kontaktar med folk frå ulike land blir sett på som verdfullt, både kulturelt og med tanke på framtidige forretningssamband, seier Bjergene.