Det var 7. april at 99 vart utan arbeid. Produksjonsarbeidarar med ti til over tjue års erfaring frå Domstein var mellom dei som fekk rekommanderte oppseiingar i posten. Tolv av dei varsla søksmål.
Tilsette i vaskeavdelinga sagt opp i staden
Men førre veke vart det klart at åtte får kome tilbake. Driftssjef ved Domstein Enghav, Jacob Goll-Rasmussen, fortel at andre med kortare ansiennitet måtte vike i staden. Mellom anna har seks tilsette med låg ansiennitet blitt sagt opp frå vaskeavdelinga. Goll-Rasmussen vil likevel ikkje vedgå at det i utgangspunktet var feil å seie opp dei som no er tekne tilbake. - I lag med klubben har vi vurdert det slik at vi har satt enkelte personar på plassar som ikkje er så utsette som det å trimme fisk, seier han.
Men forbundssekretær Hans Johan Dahl har bite seg merke i at alle dei åtte har mellom ti og over tjue års ansiennitet. Framleis varslar to personar søksmål for å kome seg tilbake til Domstein Enghav.