– Må gjere opp for seg. Atløyfolk klagar fylkeskommunen til Sivilombodsmannen

Bygdefolket på Atløy klagar no Sogn og Fjordane fylkeskommune inn til Sivilombodsmannen. Årsaka er at dei ikkje får tilbakebetalt ferjepengar dei har betalt for mykje.

Atløy-ferja mot Gjervik

HAR BETALT FOR MYKJE: Ferja på veg mot Gjervik på Atløy. I meir enn tre år betalte dei reisande for mykje for denne turen.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Talsmann Bjørn-Arne Mjåseth for bygdefolket meiner fylket må gjere opp for seg.

– Eg synest at dei skal gjere rett og skil for seg. Har dei teke for mykje pengar frå oss bør vi få det kompensert i ei eller anna form.

Reisande med ferja frå Askvoll til Gjervik på Atløy betalte frå oktober 2010 til 2014 meir enn dei skulle. Årsaka var feil i ei oppmåling som først vart endra etter at samferdselsdirektør Velaug Veum vart konfrontert av NRK.

Bygdefolket kravde kompensasjon, men i dag kjem svaret frå seniorrådgjevar Øystein Hunvik ved samferdselsavdelinga.

– Vi har svart at vi ikkje kan innfri dei krava. Vi har hatt ein dialog med Vegdirektoratet og fått deira vurdereing av saka. Slik dei ser det er det ikkje noko grunnlag for erstatning. Slik dei ser det har vi vårt på det tørre.

Bjørn Arne Mjåseth

GIR SEG IKKJE: Bjørn-Arne Mjåseth meiner fylkeskommunen ikkje skal døy i synda.

Foto: Privat


– Må terge litt meir på dei

At Vegdirektoratet støttar fylkeskommunen overtyder ikkje Bjørn-Arne Mjåseth og bygdefolket.

– Dette er vel slik at du får dei svara du vil ha om du spør dei rette personane, for å seie det slik, seier Mjåseth.

Dei kravde at summen på mellom 1,5 og 2 millionar kroner anten vart brukt til billegare ferjebillettar, planlegging av bru eller eit utviklingsfond for øya. Dei gjev seg ikkje etter dagens avslag.

– Vi må no prøve å terge litt meir på dei, for her er det prinsipp, og det skal vere litt rettferd. Vi vil ta saka til Sivilombodsmannen i første omgang, og så får vi sjå kva han seier.

– Er det verd å laga så mykje styr for så lite pengar?

– Ja, no er det dine ord at 1,5 millionar kroner er lite pengar. Dette er eit par timar med å skrive eit brev, og så eit frimerke, så går det sin gang, seier Bjørn-Arne Mjåseth frå Atløy.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.