Hopp til innhold

- Ferjetilbodet nær ein parodi

No er tålmodet til folk på Atløy oppbrukt. Dei vil ikkje lenger vente på å få eit ferjesamband som fungerer.

Ferjekaia på Atløy
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I går fekk også reserveferja for reserveferja tekniske problem. Dette er heilt uhaldbart, seier Bjørn Arne Mjåseth i Atløy Vel.

– Det har begynt å nærme seg ein parodi etter kvart. På eit samband med nesten 55.000 bilar i året er det ikkje hjelp i å sette inn ein ambulandsebåt og tru at folk løyser transportproblema sine med det.

Bjørn Arne Mjåseth

- KREV NYARE FERJE: Bjørn Arne Mjåseth i Atløy Vel.

Foto: Privat

Krev nyare ferje

Folket på Atløy har lenge klaga over dårleg ferjemateriell på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure, og den eine ferja etter den andre har fått problem. Fjord1 har sagt at ferjemateriellet er tilferdsstillande.

Fylkeskommunen har sagt dei vil sjå på saka, men folket på Atløy er leie og krev nyare ferje, seier Mjåseth.

– Det er no ein gong slik at det er enklare å ha bra vedlikehald og driftstryggleik på nytt materiell. Slår du saman alderen på dei tre ferjene Fjord1 brukar er du i ferd med å nærme deg Metusalem. Beklagar, men vi skal ha eit tilbod som vi er tente med, og det har vi per dags dato ikkje.

atløy aurland

I FJØRESTEINANE: Ferja 'Aurland' vart sett ut av spel for to veker sidan.

Foto: MMS-tipsar

– Lite fylkeskommunen kan gjere

Ordførar Frida Melvær ber no fylkeskommunen ordne opp.

– Når hovudferja og to reserveferjer vert sette ut av spel på grunn av maskinproblem så seier det sitt om materiellet.

Direktør for samferdsle i fylkeskommunen, Velaug Veum, seier dei vil ta saka opp med Statens vegvesen og Fjord1, men når Fjord1 meiner ferjene er i samsvar med kontrakten, er det lite fylkeskommunen kan gjere.

– Vi kan ikkje gå inn og kreve ein annan standard enn det som er med i utlysinga som dei har svart på og fått tildelt på. Då må vi i tilfelle pålegge dei å kjøpe ny ferje, og då må sjølvsagt vi betale for det.

Atløy

LIVSNERVEN: Ferja til Atløy fraktar 55.000 bilar i året.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK