Hopp til innhold

Asaad hjelper flyktningane med det vrine førarkortet

VIK I SOGN (NRK): Flyktningar i Noreg har vanskar med å ta førarprøven. I ei bygd i Sogn hjelper innvandrarane kvarandre på dugnad.

Asaad Hussein underviser i køyreteori

GRATIS HJELP: – Å ha førarkort er viktig for å bli ein del av bygda, seier Asaad Hussein, som to gonger i veka underviser andre flyktningar i køyreteori.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Førarkortet er veldig viktig for å få seg jobb og bli integrert. Men språket gjer teoriprøven vanskeleg for mange. Det var det òg for meg, seier Asaad Hussein.

I eit klasserom på Flatbygdi skule i Vik står Hussein framme ved tavla og peikar på eit fareskiltet for farleg sving. To kveldar i veka står bankfunksjonæren frå Sudan slik og underviser dei andre flyktningane i kommunen i krevjande køyreteori.

Hussein som sjølv kom som flyktning til Noreg i 2015, gir hjelpa gratis.

– Når eg hjelper andre, blir eg glad. Kanskje dei kan hjelpa meg ein gong eg treng hjelp, seier han.

Fatemeh Tajik

VIKTIG FOR Å FÅ JOBB: – Eg forstår lite norsk enno, så teoriprøven er vanskeleg for meg, seier firebarnsmora Fatemeh Tajik, som trur det blir enklare å søkja jobb med eit bilsertifikat.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Mange stryk

Å ta bilsertifikatet er krevjande for nokon og ein kvar. I fjor strauk 42 prosent av dei som prøvde seg på teoriprøven for førarkort klasse B. 28 prosent klarte ikkje den praktiske prøven.

Vegdirektoratet kan ikkje seia om strykprosenten er høgare blant flyktningar. Men erfaringa til Hussein er at teoriprøven er spesielt krevjande for denne gruppa. I den eine undervisingsgruppa hans hadde alle stroke, og for éin av dei var det for tredje gong.

– Det er vanskeleg, og dei treng meir hjelp. Difor starta eg opp dette kurset.

Lærekøyring på dugnad

Mustapha Mekhatria

GOD INTEGRERING: – Får flyktningane førarkort, kan dei jobba. Får dei jobb, kan dei betala skatt, og alle blir nøgde, seier Mustapha Mekhatria, som driv køyreopplæring på dugnad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Viss eg kan bruka nokre timar på dette i veka, kan det bety noko for flyktningane, familiane deira og samfunnet, seier Mustapha Mekhatria.

Mekhatria står utan for Flatbygdi skule med ein raud bil, som han har fått låna av kommunen. IT-arbeidaren frå Algerie kom til Vik for to år sidan for å arbeida i dataverksemda Highsoft. Deler av fritida si brukar han på å lærekøyra med flyktningar på smale fjordvegar.

Dugnadsjobben sparar flyktningane for mykje pengar og hjelper dei til å bli ein del av bygda.

– Dette er ein viktig del av integreringa, seier Mekhatria, som har skipa den frivillge organisasjonen «LevSaman», som tilbyr flyktningar og andre gratis opplæring for å bli ein del av det norske samfunnet.

Fatemeh og Attieh Tajik

LIVET VIL ENDRA SEG: – Kvardagane blir enklare for meg og døtrene mine viss eg har førarkort, seier Fatemeh Tajik saman med den åtte år gamle yngstedottera Attieh.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Draumen om førarkortet

– Skal me køyra til Vangsnes, spør Mekhatria.

Fatemeh Tajik nikkar. Åleinemora har sett seg bak rattet og svingar ut på riksveg 13. Mekhatria rettleiar Tajik medan ho køyrer dei ti smale kilometerane nordover langs Sognefjorden.

Draumen for 30-åringen frå Iran er å klara teoriprøven. Får Tajik førarkortet, vil livet endra seg for henne og dei fire døtrene.

– Eg glad for å få lærekøyra med Musafah. Utan førarkort er det vanskeleg for meg i ei lita bygd som Vik. Med få bussavgangar, spesielt i helgane, er det vanskeleg å reisa på handel og å besøkja dottera mi som går på skule i Sogndal, seier Tajik.

Asaad Hussein

TRUR FATEMEH KLARAR FØRARPRØVEN: – Då skal me feira. Eg skal baka kake, koka kaffi og invitera alle dei andre her, seier teorilærar Asaad Hussein.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Sjå reportasje på Norge Rundt på NRK1 fredag 28. april om innvandarane i Vik som hjelper kvarandre med å ta førarkortet .