ScanWafer er alt etablert i Glomfjord og Porsgrunn, og dersom dei no etablerer seg i Årdal, er det stort, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.
– Dersom dette blir noko av, er det industrihistorie, seier årdalsordføraren.
Hydro nedbemannar
Og denne gladmeldinga i dag kjem godt med i Årdal. Hydro skal nedbemanne med 285 personar tidleg neste år, og deretter forsvinn ytterlegare 200 arbeidsplassar innan 2007 i den tradisjonsrike aluminiumsbyen.
Etableringshjelp
ScanWafer lagar silisumskiver til solcellepanel
Men utsikter til økonomisk etableringshjelp frå stat og Hydro, har fått ScanWafer til å vurdere etablering i Årdal, seier ordføraren. No er det opp til Hydro og politikarane å vise at dei meiner noko med alle sine løfter, seier han.
Fleire i kø
Lægreid reknar med at dersom ScanWafer finn vilkåra gode nok, vil vedtak om etablering skje før sommarferien – og ikkje nok med det – utsikter til etableringshjelp har fått fleire til å vurdere Årdal.
Storprodusent
ScanWafer er ein av dei største produsentane av silisiumskiver i verda. Desse skivene er den viktigaste delen i solcellepanel, og dei omdannar sollys til elektrisitet. I august i fjor opna verksemda ein ny fabrikk på Herøya i Telemark.