- Hydro bør søke om dispensasjon - Hydro har alt å vinne på å søke Statens Forureiningstilsyn om forlenga utslepps-løyve for dei gamle Søderberg-omnane i Årdal, seier fylkesvaraordførar Tor Bremer
Gir ikkje opp Årdal Foto: Stig M. Weston, SV.Stortingsrepresentant Heidi Grande Røys frå SV vil ikkje gje opp å få Scan Wafer til Årdal, sjølv om styret la vekk planane sist veke.
SFT kan gje dispensasjon i Årdal Statens Forureiningstilsyn - SFT - kan vere villig til å gje Hydro i Årdal dispensasjon frå utsleppskrava, slik at dei eldste omnane kan drivast vidare. Dermed kan ein unngå at fleire hundre misser jobben før nye, alternative arbeidsplassar er etablert.
ScanWafer-nei til Årdal Ordførar Arild Ingar Lægreid Arkivfoto NRKScanWafer vil likevel ikkje byggje fabrikk på Årdalstangen. Dermed går Årdal glipp av opp mot 250 nye arbeidsplassar. -Vi er skikkeleg skuffa, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.
Scan Wafer trur på fabrikk Det er berre formalitetar som står att før Scan Wafer, som lagar deler til solcellepanel, kan setje i gong bygging i Årdal.
- EU-reglar trugar ikkje ScanWafer Det er liten grunn til å frykte at EØS sitt kontrollorgan ESA kan stikke kjeppar i hjula for ScanWafer si etablering i Årdal.
ScanWafer-støtte ulovleg? Tomta som ventar på ScanWaferESA, som er kontrollorganet til EØS, har kome med innvendingar mot statsstøtta til selskapet ScanWafer. Selskapet som har planar om å byggje ein fabrikk i Årdal der det skal produserast element til solceller, har fått lovnader om 90 millionar kroner i støtte frå staten.
ScanWafer førebur bygging av fabrik Her er tomta ScanWafer vil byggje på. (Foto: Arne Eithun, NRK)ScanWafer er klar til å byggje fabrikk i Årdal med 250 arbeidsplassar. Leiinga i selskapet har alt starta på forprosjektet. Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er glad for at det no går mot ein ny storfabrikk i kommunen.
35 friske millionar til Årdal Foto Arild Nybø NRKÅrdal får 35 millionar kroner ekstra frå regjeringa dersom ScanWafer etablerar ein fabrikk i bygda. Reidar Sandal tar feil når han hevdar at dette ikkje er 'friske pengar'.