Hopp til innhold

Arbeidsulukke i Luster

Ein 24 år gamal mann fekk klemskader i ein fot under ei arbeidsulukke på Veitastrond tysdag føremiddag.

Veitastrond

Klokka 11.20 i dag melder politiet at redningsmannskap har fått frakta mannen ned frå ulendt terreng ved ein kraftstasjon.

– Mannen har knekt ein fot, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 09.54 og alle naudetatane sette kursen for den avidesliggjande bygda i Luster kommune.

– Vi har fått melding om at ein person har fått klemskadar, og naudetatane er på veg, sa Frode Kolltveit som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Hovudredningssentralen kontakta ei alpin redningsgruppe og redningshelikopter for å få dei fram til ulukkesstaden. Dei kunne etter kort tid returnere då det blei klart at det ikkje var snakk om alvorlege personskadar.