Hopp til innhold

Arbeidsløysa ned 13 prosent på eitt år

Sjølv om arbeidsløysa i landet aukar, er trenden i Sogn og Fjordane meir positiv. Sogn og Fjordane er framleis det fylket i landet som har lågast arbeidsløyse.

NAV
Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Sidan juni i fjor har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane gått ned med 13 prosent, skriv NAV i ei pressemelding. Det skil seg frå talet på landsbasis, der talet på ledige har gått opp med fem prosent.

– Mykje av nedgangen i arbeidsløysa skuldast at vi har fleire i tiltak enn på same tid i fjor og at det er færre permitterte, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i pressemeldinga.

NAV-direktør Thore Thorsnes

NØGD FYLKESDIREKTØR: Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I juni var det 910 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er 134 færre enn i same månad i fjor. Med 1,6 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

14 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i juni. Størst reduksjon finn vi i Vågsøy og Stryn. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i kystkommunane Selje og Flora.

– Det overordna biletet er likevel at det går svært bra for næringslivet i fylket. Det ser vi mellom anna på at dei fleste næringar har ein reduksjon i arbeidsløysa. Det er særleg positivt at utviklinga innan viktige næringar som industri og bygg og anlegg er god, seier Thorsnes.

Hovudtal for arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane

Antall

Prosent av arbeidsstyrken

Endring frå i fjor i Antall

Endring frå i fjor i prosent

I Alt

910

1,6

-134

-13

Flora

209

3,2

-18

-8

Gulen

14

1,1

1

8

Hyllestad

15

2,1

-1

-6

Høyanger

43

2,1

-22

-34

Vik

22

1,6

3

16

Balestrand

5

0,7

-8

-62

Leikanger

9

0,7

5

125

Sogndal

54

1,2

4

8

Aurland

8

0,8

6

300

Lærdal

19

1,7

3

19

Årdal

26

0,9

-12

-32

Luster

19

0,7

-17

-47

Askvoll

27

1,8

7

35

Fjaler

15

1,1

0

0

Gaular

17

1,1

5

42

Jølster

20

1,2

-3

-13

Førde

92

1,2

-12

-12

Naustdal

24

1,6

1

4

Bremanger

53

2,8

11

26

Vågsøy

63

2,0

-32

-34

Selje

53

3,6

-4

-7

Eid

37

1,2

-14

-27

Gloppen

21

0,7

1

5

Stryn

42

1,1

-30

-42

Kjelde: NAV

Ekspander/minimer faktaboks