Ulukka skjedde ved titida onsdag føremiddag. Den skadde var medviten då han vart sendt til sjukehus. Tilstanden er alvorleg men stabil, og han ligg på intensiv avdeling.
Isopor dempa fallet
Det er firmaet Dvergsdal og Sunde Bygg som er hovudentreprenør for bygget som blir reist på Halbrend i Førde. Mannen som fall ned er tilsett hjå ein underentreprenør. Han var i arbeid oppe på taket, som har relativt liten helling, då han på ein eller annan måte fall utfor kanten. Han landa på nokre betongheller. Under desse hellene var det isopor som truleg fjøra litt og som dermed dempa fallet litt.
Mangla sikring
Inspektør Oddvar Mikalsen i Arbeidstilsynet seier det ikkje var sikring på taket mannen fall ned frå. Det høyrer med til historia at Mikalsen var på inspeksjon på den same byggjeplassen den 11. mai i år. Den gongen - for vel tre månader sidan, ville Mikalsen ha stansa arbeidet dersom det hadde vore folk i arbeid akkurat då.
No må altså inspektøren frå Arbeidstilsynet konstatere at det har skjedd ei alvorleg fallulukke på den same arbeidsplassen der han påpeikte manglande sikring i mai.
Politiet i Førde har no starta etterforsking av fallulukka.