– Det blir ei overrasking kvar gong.
Det seier Lise Marie Gjervik Hagenes (16) som jobbar på Naustdal Dampbakeri i Førde. Dei er ei av 600 bedrifter i landet som har teke i bruk Too Good To Go, og berre dei har seld 1470 forundringsposar med restemat.
Kvar dag etter stengetid pakkar dei fem ulike forundringsposar med restar frå dagens bakverk.
Gjennom appen kan folk kjøpe ein forundringspose, og dermed vera med i kampen mot matsvinn. Årleg kastar nordmenn 42 kilo med mat – per person.
– Når du bestiller ein pakke får du mat som er att i kafeen, på ein verdi frå 100 til 130 kroner. Dette betalar du 35 kroner for, seier Hagenes.
Gründer: – Gått over all forventning
Sophie Wiik står bak appen. Etter lanseringa i januar 2016, har Too Good To Go blitt stadig meir populær.
– For akkurat eit år sidan, var det cirka 80.000 nedlastingar av appen. I dag har vi 330.000 nedlastingar over heile landet. Kvar dag er det cirka 1600 porsjonar som reddast gjennom appen no, og det talet aukar heile tida, seier Wiik.
Til saman er det 395.000 måltid som har blitt spart sidan oppstarten.
Ho trur tidspunktet for lanseringar er mykje av grunnen til at appen har blitt teke så godt i mot.
– Folk er klare for grøne løysningar og tek samfunnsansvar mykje meir på alvor no enn før. Fleire er opptekne av miljø og klima, og vil føle at dei er med på å redde verda litt, seier Wiik og legg til at også bedriftene er opne for å omstille seg til grøne løysningar.
- Les også:
– Positivt tilbod
Martin Berntsen, dagleg leiar i Naustdal Dampbakeri, er nøgd med å vera med i appen.
– Me følte at me kasta for mykje mat på ettermiddagane, og det var ein grei måte å hindre noko av svinnet vårt ved å bli med i Too Good To Go.
Tilbodet er nytta av fleire forbrukarar og nesten kvar dag er posane ved kafeen utseld.
Ei av dei som fleire gonger har kjøpt forundringsposar gjennom appen er Jeaneth Rosnes. Ho og dottera Johanna Sigdestad (3) er glade for det dei får.
– Eg tykkjer det er veldig greitt å få ein del mat billeg når eg er aleine med tre ungar.
Johanna ser forventningsfullt ned i posen dei har kjøpt. Ho er ikkje i tvil om kva type bolle ho likar best.
– Eg likar sukker, seier ho, og tek ein god bit av kanelbollen sin.