Hopp til innhold

Apneseth-foto har vorte bok

Fotoprosjektet "Jølster 2008" til Oddleiv Apneseth har kome ut i bokform.

Oddleiv Apneseth

Ein kjøpar takkar fotografen

Foto: Hilde Zahl / NRK

- Då er det vel ikkje noko anna å gjera, enn å ønskja velkommen til dette gravølet. For det brukar å vera det når kunst vert til øl. Då er det slutt, seier innleiar Fridtjov Urdal.

- Heilt fascinert

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth signerer for harde livet

Foto: Hilde Zahl / NRK

Om eit bokslepp kan kallas gravøl, kan dei lærde sikkert stridas om. Men Jølstringane stod i alle fall tett i tett i Eikaasgalleriet torsdag kveld. Til og med ordføraren hadde tatt vegen.

- Eg er så glad for at Apneseth har vald å vera her for å ha dette boksleppet. Og eg ser at jøstringane, seier jølstraordførar Gerd Dvergsdal.

"Jølster 2008" er ei fotoprosjekt av og med Oddleiv Apneseth. Heile 2008 var han rundt i heimane til jølstringar og fotodokumenterte dei i kvardagsliv, på glade festdagar og triste avskjedar. Resultatet blei fyrst ei utstilling, og no er det blitt bok. Vigdis Tonning er mildt sagt begeistra for bileta.

- Eg var heilt fascinert. Du kunne gå rundt her og sjå veldig mange gonger for å få med deg alt. For ein såg nye ting heile tida. Eg gjekk og såg sju gonger.

- Sårbart prosjekt

Nesten alle i Jølster er blitt fotografert.

Fotografen trur det er grunnen til suksessen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddleiv Apneseth: Kai Helge med fotballkorta sine

Eit av bileta til Apneseth i prosjektet 'Jølster 2008'

Foto: Oddleiv Apneseth

- Det angår veldig mange, og det er ein veldig fin ting. Men det er sårbart også. Det å verta fotografert er ei utfordring, og eg kan veldig godt forstå folk som ikkje er nøgde med korleis dei vert.

- Likar du å verta teken bilete av?

- Nei, eg er veldig dobbeltmoralsk der, og det er velkjend. Det finst eit bilete av meg inni her, men det er berre ein skugge.

Sjølv ser Apneseth på denne boka som eit punktum på prosjektet.

- Eg har drive med dette i tre år, og eg pustar letta ut når eg har kome hit i dag. Då har eg liksom oppfyllt obligasjonane med dette. Det vert utstillingar neste år også, men elles set eg eit slags punktum no.

- Årets julegåve

Fridtjov Urdal

Fridtjov Urdal innleier

Foto: Hilde Zahl / NRK

Og etter responsen i galleriet å dømma, så er det ikkje tvil om kva som er årets julegåve i Jølster.

- Eg trur nok ein del får den hjå meg, seier ein av dei frammøtte på boklanseringa.

- Det trur eg den vert i alle tilfelle for dei som er utflytte. Me som bur her fast finn nok ut at me må spandera boka vekk, seier ein annan.