Hopp til innhold

Apneseth usikker på god respons

- Jøss, det var voldsomt, seier Oddleiv Apneseth når NRK fortel om dei gode besøkstala som fotoutstillinga hans har hatt.

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Over 6 000 personar har til no sett fotoutstillinga til Apneseth i Jølster og Bergen.

- Frykteleg kjekt

På Eikaasgalleriet står fotoprosjektet hans for nær halva av besøkstalet så langt i år. I alt 2 900 hadde før helga sett utstillinga som blir avslutta i dag. Ved Galleri Bouhlou i Bergen er bileta av jølstringane sett av kring 3 200 personar.

- Eg kan ikkje seie anna enn at det er frykteleg kjekt. Eg har jo jobba med eit prosjekt som angår mange menneske. Difor er det ikkje uventa at det kjem mykje folk. Mange ynskjer å sjå sambygdingane og seg sjølve, seier han.

Allmenn interesse

Men det er ikkje berre jølstringar som har sett bileta. På Jølster har publikum frå heile fylket teke turen til Eikaasgalleriet.

- Utstillinga handlar om folk, og eg prøvde så godt eg kunne å skildre leveviset på Vestlandet, då representert med Jølster. Og det har til ei viss gradd allmenn interesse, seier han.

Korleis tolke?

Sjølv om han tykkjer det er kjekt med positiv respons, er han usikker på korleis han skal tolke den.

- Det kan vere fordi du verkeleg har gjort ein god jobb, eller det kan vere eit flott uinteressant arbeid som mange lett godtek. At det ikkje er noko motstand i det, seier han og legg til:

Auka interesse

- Sosialt sett, er det i alle høve kjekt. Etter å ha gjort eit hardt arbeid så er det eineståande å oppleve positive reaksjonar på den måten eg har gjort, seier han.

Etter utstillingane har han fått fleire førespurnadar om å stille ut bileta i både inn- og utland. Ikkje alt er i boks enno. Mellom anna reiser han måndag til Arendal med bilete frå utstillinga i Bergen som skal stillast ut to dagar i samband med Norsk kulturråd sin årskonferanse.