Hopp til innhold

Ap vil ha eigen avfallstasjon for havsøppel

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha miljøstasjon for marint søppel i Måløy. Det kan gje nye arbeidsplassar, trur Ap-ordførar.

Marint avfall langs kysten

SØPPEL: Plast, papir, metall, trevirke og tekstilar – alt kan flyte rundt og forsøple havet. Nedbrytingstida varierer mykje, men er på det meste på fleire hundre år. (Arkivfoto)

Foto: Bo Eide

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Marint søppel er eit aukande problem langs kysten. I Ålesund, Karmøy og Egersund finst det miljøstasjonar for slikt søppel, og det bør det gjere i Måløy også, seier Kristin Maurstad, Ap-ordførar i Vågsøy.

Det var hennar lokallag som la fram saka under fylkesårsmøtet til partiet i Førde denne helga. Og eit samrøystes parti støtta forslaget. Ein rapport frå miljødirektoratet frå 2014 peika på at marin forsøpling er ein av dei største miljøutfordringane ein har, og at omfanget av problemet er aukande.

Ordførar Kristin Maurstad

MILJØSTASJON: Vågsøy Arbeidarparti med Kristin Maurstad i spissen fremja forslag om å få på plass ein miljøstasjon i Måløy. Eit samrøystes fylkeslag sa ja til å jobbe vidare med dette.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fiskarlaget ivrar

Det er Fiskarlaget som har spelt inn forslaget til Vågsøy Arbeidarparti, og dei er glade for at fylkespartiet vil jobbe vidare med saka.

– Ein miljøstasjon har vore sakna. Fiskarane får opp alt frå gamle plastposar og tauverk til reiskapar frå gamal tid. Får ein på plass ein miljøstasjon, så vil det kome på land meir søppel, trur styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Stig Oldeide.

Ifølgje Miljødirektoratet sin rapport tek det 450 år før ei plastflaske som flyt i sjøen er broten ned. 600 år for fisketråd og 50 år for ein isoporkopp. Kor mykje avfall som hamnar på havet i løpet av eit år, eller kor mykje som har samla seg opp gjennom åra er uklart, men det er snakk om mange millionar tonn.

– Det finst prosjekt der fiskebåtar samlar inn søppel og leverer det, og fleire båtar frå Måløy er med. Men det er tungvint for dei å reise langt for å levere det frå seg, seier Maurstad.

Håpar på arbeidsplassar

Andre stader får fiskarane utlevert sekkar som rommar opp til 1000 kilo, som dei kan levere på miljøstasjonen når den er full. Ei liknande ordning vil gjerne Oldeide få på plass.

– No er det meir styr med å få levert frå seg søppelet, og vi må nærast ta ansvar for å avhende det sjølve. Vi må kontakte hamnestyresmaktene og det er ein omstendeleg prosess, forklarar han.

Kor vegen går vidare for å få stasjonen på plass er noko uklart for Maurstad, men ho vil spele ballen vidare til stortingsbenken. Ho meiner ei slik etablering vil vere ein vinn-vinn-situasjon.

– Det kan vere snakk om nye arbeidsplassar, for søppelet må behandlast vidare når det har kome på land.