Ap snur om fjorddeponi

BERGEN (NRK): Boredrillen er allereie sett i jorda, men no har Arbeidarpartiet i Vestland fylke snudd om det omstridde gruveprosjektet i Førdefjorden.

Leonora Standal Hjelle med AUF-delegasjon på fylkesårsmøte

FORNØGD: Leonora Hjelle i AUF er strålande fornøgd med at Arbeidarpartiet no har snudd i saka om fjorddeponi i Førdefjorden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har jobba hardt i lang tid med å skulere ungdomspolitikarar og spisse argumentasjonen vår. Kunnskap er makt, og no har vi vunne fram med synet vårt, seier leiar Leonora Hjelle i Vestland AUF.

Slik forklarer ho at ungdomspartiet har vunne fram og endeleg fått moderpartiet til å revurdere planane om å lagre avfall frå gruvedrifta på Engebøfjellet i eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Helge Robert Midtbø med røystesetel ved sidan av Håkon Myrvang

SPLITTA SUNNFJORD: Ordførarkandidat Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Ap røysta for revurdering. Tredjekandidat og Naustdal-ordførar Håkon Myrvang røysta mot.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Men prosjektet i Førdefjorden har allereie kome godt i gang. Det er no fleire år sidan gruveselskapet Nordic Mining byrja å prøvebore etter mineralet rutil i Engebøfjellet.

Motstandarane kalla det symbolpolitikk

Ikkje alle i Arbeidarpartiet er overtydde om at gjennomslaget til ungdomspartiet vil stogge det kontroversielle prosjektet. Ordførar Håkon Myrvang i Naustdal åtvara mot vedtaket, det same gjorde påtroppande fylkesnestleiar Hilmar Høl.

– Dette er jo politikk som allereie er vedteke i Stortinget. Vi har vore klar på at dette blir eit symbolvedtak, sidan prosjektet i Førdefjorden allereie er vedteke, seier nyvald nestleiar i Vestland Arbeidarparti Hilmar Høl.

Han var ein av motstandarane då eit knapt fleirtal på stiftingsmøtet for det nye Arbeidarpartilaget gjekk inn for å snu haldninga til partiet.

Striden på fylkesårsmøtet stod om ei einskild setning:

  • «Det innvilga utsleppsløyvet for deponering av gruveavfall i Førdefjorden må vurderast på ny.»

Den setninga vart teken vekk då Vestland Ap vedtok sitt fylkesvalsprogram i Førde, i januar.

Under omkampen i Bergen i helga, vart den teken inn att. Kampen mot fjorddeponi vart leia an av Arbeidarpartiet i Bergen, AUF og Sunnfjord Ap.

Hilmar Høl under avrøysting på fylkesårsmøte

IKKJE UROA: Hilmar Høl var motstandar av å snu i gruvesaka, men er ikkje uroa over å måtte drive valkamp på den nye politikken.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Natur og Ungdom demonstrerte

Då delegatane toga inn på hotellet laurdag føremiddag stod aksjonistar frå Hordaland Natur og Ungdom utanfor. Dei håpa at partiet skulle seie nei til både fjorddeponi og konsekvensutgreiing av Lofoten.

Anne Gine Hestetun med røystesetel

FEDJE: Fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun samanliknar fjorddeponi med ubåten ved Fedje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun var blant arbeidarpartipolitikarane som gjorde naturvernarane fornøgde.

– Med den kunnskapen vi har i dag, så må vi vere heilt sikre på kva vi gjer. Eg vart overraska over å høyre kor splitta ein er rundt dette prosjektet også i Sogn og Fjordane. Det gjorde at eg valde å revurdere mitt syn på om dei som har fått denne konsesjonen skal få lov til å halde fram.

Hordaland Natur og Ungdom demonstrerer mot oljeboring

DEMONSTRERTE: Natur og Ungdom demonstrerte utanfor møtelokalet til Vestland Arbeidarparti. Etter vedtaket sende dei ut ei pressemelding der dei jubla over snuoperasjonen til partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I regjeringsforhandlingane tapte Venstre kampen om å trekkje tilbake utsleppsløyvet som Nordic Mining allereie har fått i samband med gruveplanane i Engebøfjellet. Argumentet til Høgre og Framstegspartiet var då at staten ville kunne bli saksøkt om ein snudde no.

Ungdomspolitikarane i AUF tek likevel skuldingane om symbolpolitikk med knusande ro.

– Denne saka har vorte diskutert veldig mykje både i Sogn og Fjordane og i Bergen, så eg er veldig fornøgd med det vedtaket vi har fått, seier AUF-leiar Leonora Hjelle.