Her er dei første boreprøvane frå Engebøfjellet

150 meter med kjernemateriale frå berggrunnen i Engebøfjellet er blitt henta ut av Nordic Mining. Likevel har motstandarane klart å forseinke gruveselskapet.

Nordic Mining, engebøfjellet, Kjernemateriale

PRØVEBORING: Slik ser det kjernemateriale som dei hentar opp frå Engebøfjellet ut (t.h.). To boreriggar er på plass på fjellet, men aksjonistar som lenkjer seg fast til maskinene hindrar arbeidet deira.

Foto: Nordic Mining

– Når dei lenkjer seg fast til utstyret vårt, forhindrar det borejobben vår. Det har gjort til at boringa ikkje har gått like raskt som vi hadde planlagt, seier Mona Schanche, utforskingsleiar i Nordic Mining.

Trass i protestaksjonane har Nordic Mining med dotterselskapet Nordic Rutile AS fått henta ut dei første kjerneprøvane frå Engebøfjellet i Naustdal.

– Vi har fått henta opp 150 meter med kjernemateriale. Dette gjer vi for å få kunnskap om geologien nede i berggrunnen. Medan aksjonistane sit på anleggsmaskinene våre, arbeider vi med det kjernemateriale vi har fått ut, forklarar ho.

– Kostbart og uheldig

Mona Schanche, utforskingsleiar Nordic Mining

MEIR INFORMASJON: Prøveboringane skal gje meir kunnskap om berggrunnen i Engebøfjellet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Tre dagar på rad har aksjonistar lenkja seg fast med mål om å stogge prøveboringane til selskapet som har fått løyve til gruvedrift og fjorddeponi.

Schanche seier dei får gjort mykje, men at det er frustrerande å bli forhindra.

– Det er klart at det er både kostbart og uheldig for det arbeidet som vi har sett i gang. Eit arbeid som er viktig for å utvikle prosjektet vidare, seier ho.

Ho seier at det til no ikkje er snakk om store forseinkingar, men frustrerande for dei som jobbar med prosjektet.

(Artikkelen held fram under)

Aksjonistane i Vevring

STOPPAR ARBEID: Desse aksjonistane sat fastlenkja til anleggsmaskinene på Engebøfjellet torsdag, men vart fort fjerna av politi som kom til staden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Skal finne ut meir om bergarten

Lange hol vert bora ned i berggrunnen for å hente ut kjernemateriale med ein diameter på fem centimeter. Geologar ser så på prøvane og kartlegg bergart, geologi og andre parameterar for lære om bergarten.

Til saman 6000 meter skal dei bore. Det er finske Oy Kati Ab som arbeider på fjellet.

– Det å ha god kunnskap om innhaldet av titanråstoff i grunnen på dei ulike plassane er viktig for vidare arbeid, seier Schanche.

No vert det gjennomført analysar av borekjernane. Sjølve boreprogrammet er estimert til å vare i to månader, så kjem etterarbeidet i tillegg, forklarar Schanche.

– Aksjonane har stor effekt

Sidan klokka 8.30 fredag har fire av Natur og Ungdom sine aksjonistar vore på plass på Engebøfjellet og lenka seg til anleggsmaskinene der. Dette er fjerde dagen på rad med aksjonar.

– Vi har jo klart å forseinka arbeidet ganske kraftig. Og den gode tonen som Nordic Mining hadde i starten av veka har nok begynt å surne godt no. Så eg føler vi har stor effekt med aksjonane våre, seier Ingrid Skjoldvær, leier i Natur og Ungdom.

I helga kjem det enda fleire for å aksjonere mot gruvedrifta.

– Kor lenge kjem dykk til å halde på?

– Det er vanskeleg å seie, men det er veldig mange som er klare til å komme og som har sagt at dei kjem i løpet av helga og neste veke, seier ho.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom

GIR IKKJE OPP: Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom seier dei vil halde fram med aksjonane ei god stund til.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Poltiet kom mannsterke til Engebøfjellet for å fjerne aksjonistar som hadde lenkja seg til anleggsmaskinene

LENKJER SEG FAST: Torsdag måtte politiet fjerne fleire demonstrantar frå anleggsmaskinene.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.