Hopp til innhold

Ap-opprør i Florø

Arbeidarpartiet i Flora er svært skuffa over fylkespartiet etter nedlegginga av sengeposten i Florø.

Fylkespartiet har ikkje løfta ein finger for at sengeposten skulle oppretthaldast, seier fungerande gruppeleiar Åge Larsen i Flora Ap.

Han har mista tilliten til fylkesleiar Aud Kari Steinsland i denne saka.

- Tillit har eg i mange saker, men ikkje i denne.

Raseri

Sist fredag velsigna helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad frå Arbeidarpartiet nedlegginga av sengeposten i Florø, noko som har ført til raseri i lokalpartiet.

Tysdag kveld møttest gruppestyret i Flora Arbeidarparti for å diskutere vegen vidare. Og det vart mellom anna bestemt å be partisekretær Martin Kolberg kome til Flora med ei forklaring på kva som har skjedd. Om han vel å ta turen til Flora er ei heilt anna sak.

- Har gjeve blaffen

På møtet kom det også fram sterk frustrasjon med fylkespartiet og fylkesleiar Steinsland. Larsen meiner Steinsland har gjeve blaffen i partiprogrammet i denne saka.

- Eg er skuffa over fylkespartiet, for i deira program står det at dei skal kjempe for å oppretthalde lokalsjukehusa og nærsjukehuset.

Avviser brot på partiprogram

Aud Kari Steinsland
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Aud Kari Steinsland avviser at ho har brote partiprogrammet.

- Eg veit godt kva som står i partiprogrammet vårt, men eg ser faktisk ikkje at vi har brote programmet. Vi har faktisk bede for nærsjukehuset sitt liv og eksistens.

- Det blir heva at de har vore usynlege?

- Vi har ikkje vore framme i media, så det kan dei ha rett i. Men vi har bede om at sjukehuset blir ivareteke.