NRK Meny
Normal

Anklagar ordføraren for propaganda

Naustdal SV reagerer sterkt på at ordføraren i kommunen har kuppa heile den siste utgåva av kommunen sitt informasjonsblad.

Anklagar ordføraren for propaganda

FÅR KRITIKK: Ole Erik Thingnes (SV) meiner ordførar Håkon Myrvang (til venstre) driv med propaganda i siste utgåve av det kommunale informasjonsbladet K-posten.

Foto: Montasje / NRK

K-posten blir gitt ut av Naustdal kommune og skal informere innbyggjarane om saker og ting som røyrer seg i kommunen. I det siste ekstranummeret er ordførar Håkon Myrvang einaste bidragsytar, der han over åtte sider omtalar kommunereforma og den omstridde Engebøsaka.

– Det verkar nesten som propaganda. Her er det ei einsidig framstilling av to saker, ut ifrå ordføraren sitt eige standpunkt, seier Ole Erik Thingnes i Naustdal SV.

– Går over streken

I omtalen av Engebøsaka vidarebringjer mellom anna ordføraren kritikk av Førde kommune, som klaga inn regjeringa si godkjenning av gruvedrifta til ESA-domstolen.

– Der gjer han nokre vurderingar ut ifrå sine eigne personlege meiningar. Det er ikkje kommunestyret i Naustdal sine meiningar. Det høyrer ikkje heime i ei informasjonsavis frå kommunen, seier Thingnes.

– Det første eg tenkte då eg las avisa var at dette ikkje går an. At ordføraren gjer det på denne måten, meiner eg er over streken, seier han.

– Viktig å få fram fakta

Ordførar Håkon Myrvang er ikkje einig i kritikken.

– Dette her er gjort for at innbyggjarane skal ha så god informasjon som mogleg. Det er det min jobb som ordførar å gjere, seier han.

Han meiner det er uproblematisk at han er den einaste som er tilgodesett spalteplass i den siste utgåva.

– Korleis dette blir oppfatta vil variere frå person til person. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar, seier han.

Myrvang er ikkje einig i at han har nytta informasjonsbladet til å fronte eigne meiningar.

– Det som var min jobb her, var å få fram informasjon slik at innbyggjarane får innsikt i kva som er fakta. Så får dei gjere seg opp ei meining sjølve, seier han.