Hopp til innhold

Angripne av kyr i Bremanger

Ei kvinne vart kraftig forslått og send til sjukehus med luftambulanse etter at ho og mannen vart trakka ned av ein flokk med kyr på Grotle i Bremanger.

Det nederlandske ekteparet følgde ein sti til fjellet som gjekk gjennom ei inngjerding då dei vart angripne av kyrne. I alt gjekk det 16 kyr og to kalvar på beitet.

Desse kyrne går vanlegvis laust i området.

Ulukka skjedde litt før klokka 11 tysdag føremiddag.

Den 51 år gamle kvinna vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehuset. Ho er der innlagt på vanleg avdeling med lettare skader.