Hopp til innhold

Andrea (18) vidare i Stjernekamp

18-åringen frå Måløy imponerte med sin versjon av «Euphoria» under kveldens Stjernekamp.

Andrea Santiago Stønjum

VIDARE: Andrea Santiago fekk mykje skryt under kveldens Stjernekamp. Ho er klar for neste runde.

Foto: TV2

Laurdag kveld var det duka for ein paljettar, pyro og fargerike kostyme då Melodi Grand Prix, for første gong, var tema i Stjernekamp.

Blant dei som imponerte dommarar og publikum var ein audmjuk måløyværing som fekk vist fram heile stemmespekteret då ho tolka megahiten til den svenske MGP-vinnaren frå 2012, Loreen.

Imponerte Rybak

Før kveldens show hadde måløyværingen Aleksander Rybak som mentor. Den tidlegare MGP-vinnaren verka overtydd under øvinga før sending.

– Dette vert bra. Vokalt vert det heilt fantastisk, sa Rybak, då.

Sjølv verka Santiago til å vere ved godt mot før sendinga starta.

– Eg elskar Melodi Grand Prix, så dette gler eg meg sjukt masse til. Dersom Loreen ser på, så håpar eg å imponere ho, sa ein spøkande Santiago.

Skryt frå dommarpanelet

Etter framføringa hennar venta det stor skryt frå dommarane, som meinte at Santiago hadde overtydd.

– Du har mykje kraft i stemma di. Det er veldig imponerande. Når du er så stødig og overbevisande at me må løfte armane vêret på refrenget, så har du klart det, sa stjernekamp-dommar Mona B. Riise.

Også Kveldens gjestedommar, Hanne Krogh, var svært begeistra for det Santiago leverte.

– 18 år, du er så modig! Du lagde din eigen kunst av denne versjonen. Det skal verte spanande å følgje deg framover, sa ho.

Santiago vart ikkje blant dei tre med færrast stemmer, og gjekk rett vidare til neste runde.