Hopp til innhold

Amper stemning i natt – ein person gjekk til åtak på dørvakt

Politiet måtte hanskast med fleire rusa personar som stelde i stand bråk natt til sundag. Ein av dei gjekk til åtak på ei dørvakt.

Aurland

På ein utestad i Førde gjekk ein person til åtak på ei dørvakt. Det heile roa seg og vert ikkje meldt.

Politiet rykka ut til ein bustad etter melding om bråk i Måløy. Der sende dei fleire rusa personar på dør.

Det same skjedde i Florø, der politiet sende fleire rusa personar heim att, etter at dei måtte ordne opp i to ulike episodar.

Til sist i natt kl. 04.50 fekk politiet melding om skadeverk på døra til drosjesentralen i Svelgen. Gjerningsmannen er ukjend. Saka vert meldt.

Braut kontaktforbod og enda i arresten

Ein person braut eit kontaktforbod i Sogndal. Personen vart pågripen og måtte tilbringe natta i arresten. Politiet vil etterforske saka vidare.

Laster Twitter-innhold

Kl. 1 melde politiet om ein person som prøvde å nytte falsk legitimasjon på ein utestad i Sogndal. Saka vert meldt.

Same stad måtte politiet ordne opp i bråk på ein utestad. Ein person sendt heim.