Synfaringa vart arrangert av Ola Søgnesand og aksjonsgruppa for rassikring av Kjøsnesfjorden. Søgnesand seier poenget med samlinga er å få eit svar frå dei fremste politikarane i fylket på korleis dei vil arbeide for å skaffe pengar. For aksjonsgruppa vil ha start på tunneldrivinga i løpet av 2006.
Innesperra av ras
Kjøsnesfjorden vart for alvor kjent folk flest ein dramatisk novemberkveld i fjor. Historia om fleire bilar som sto innesperra medan rasa gjekk på alle kantar og arbeidet med å berge dei er noko folk seint gløymer (Sjå 67 evakuerte frå rasstaden). Same veka var samferdsleminister Torild Skogsholm på synfaring, og då gjekk ho langt i å love pengar til rassikring Og det er ein lovnad Gunnvald Ludvigsen som er stortingskandidat for Venstre lova å minne samferdsleministeren på.
Lovar i kor
Stortingsrepresentant for Høgre, Mathias Råheim, seier at rassikring av Kjøsnesfjorden er ein av fire hovudsakar i valkampen til Høgre, og at dei vil ha pengar på plass - helst i løpet av 2006.
Og dermed skulle det vel ligg til rette for oppstart av sikringsarbeidet alt til neste år, for også Liv Signe Navarsete, Reidar Sandal og Heidi Grande Røys, som representerte det raudgrøne alternativet i Kjøsnesfjorden i dag - lova støtte til sikringsarbeidet.
Eitt av rasa i Kjøsnesfjorden i fjor. Foto: Arne Eithun, NRK.