NRK Meny
Normal

Alle er ute av tunnelen etter røykutvikling i buss

Passasjerar og sjåførar skal vere komne ut av tunnelen etter at det oppstod kraftig røykutvikling i ein buss i Fjærlandstunnelen på riksveg 5.

Røykutvikling i buss i Fjærlandstunnelen

RØYKUTVIKLING: Sjukehusbussen frå Sogn var på veg gjennom den 6,4 kilometer lange Fjærlandstunnelen då røykutviklinga oppstod.

Foto: Jo Marius Bøyum

Alarmsentralen fekk melding om hendinga då eit brannsløkkingsapparat vart fjerna frå tunnelveggen. Brannmannskap frå både Jølster og Sogndal rykte ut.

Det var sju passasjerar og to sjåførar i bussen som var på veg frå sjukehuset i Lærdal til sjukehuset i Førde.

Anne Lise Breidvik

EKKELT: Anne Lise Breidvik kom like bak bussen.

Foto: Privat

– Vi såg ikkje eld, men tjukk svart røyk, seier Anne Lise Breidvik, som køyrde bak bussen.

– Skremmande

Bussen er den såkalla Sjukehusbussen tilhøyrande Nettbuss. Med dei to bussbrannane i Gudvangatunnelen, samt brannen i Skatestraumtunnelen, friskt i minne, vart det ei skremmande oppleving for både passasjerar og trafikantar.

Bussbrann i Fjærlandstunnelen

UTE: Bussen vart køyrt ut av tunnelen etter røykutviklinga. Den skal no på teknisk kontroll.

Foto: Jo Marius Bøyum

Ingen av passasjerane skal ha fått røykskadar. Regiondirektør i Nettbuss, Per Steinar Sviggum, seier det ikkje var branntillaup i bussen.

– Men med tanke på dei andre hendingane vi har hatt i tunnelane, så er det ei skremmande oppleving, seier han.

Hindra bilar å komme inn

Tunnelen vart stengd som følgje av hendinga. Like over klokka 09 opplyste politiet at bussen var ute av tunnelen. Fjærlandstunnelen er no opna for fri ferdsle.

Breidvik opplevde det som dramatisk.

Kø ved Fjærlandstunnelen

LANG KØ: Det har danna seg lange køar på begge sider av tunnelen etter bussbrannen.

Foto: Jo Marius Bøyum / NRK

– Det var ekkelt. Spesielt ekkelt då alle bilane kom ut og du visste at det berre var to sjåførar att i tunnelen. Vi visste ikkje om det brann, eller kva det var, fortel Breidvik.

– Tjukk svart røyk

Bussen stod nærast i ro då Breidvik tok den att i Fjærlandstunnelen. Medan andre bilistar stogga ved bussen, køyrde Breidvik vidare i retning Skei for å stogge møtande bilar.

– Det kom ein bil til, og dei fekk tatt ut brannsløkkingsapparatet, så vi køyrde i full fart for å hindre fleire bilar å komme inn i tunnelen. Det kom til tre bilar som tok med seg passasjerane til Skei-sida, seier ho.

Kjenner ikkje årsaka

Sviggum fortel at føraren oppdaga røyk ut av eksosanlegget.

– Det var ikkje fysisk brann, men han stogga og fekk alle passasjerar ut til andre trafikantar som frakta dei ut av tunnelen. Deretter fekk han bussen ut av tunnelen, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

BRANN: Politiet har mistanke om brann i tunnelen.

Passasjerane er no tilbake i bussen og ventar på erstatningsbuss.

– Vi veit førebels ikkje årsaka. Bussen må vi ha inn til verkstad, og han blir ikkje sett i drift att før vi veit årsaka til røykutviklinga, seier Sviggum.

Vegopning på Bergum i Førde kommune