Hopp til innhold

All nedbøren i Sunnfjord har lokka svenske skituristar over grensa

JØLSTER (NRK): Mykje nedbør og mange fjelltoppar er grunnen til at to svenske skientusiastar har tatt turen til Sunnfjord denne veka.

Svensker på skitur

HELLER SUNNFJORD ENN JAPAN: Sunnfjord har eit stort potensial når det kjem til puddersnø, meiner dei to svenske journalistane.

Foto: PRIVAT

– I skikretsane er det Japan ein tenker på når ein er ute etter mykje puddersnø på grunn av store nedbørsmengder. Men Rikard har funne ut at her regnar det 60 prosent meir frå januar til mars enn det gjer i Japan, så potensialet for å få mykje snø er enormt, seier Fredrik Schenholm.

Saman med Rikard Andreasson er han i desse dagar i Sunnfjord for å gå på ski. Begge er skientusiastar og journalistar, som har reist verda rundt for å fotografera og skriva om skidestinasjonar.

Variert terreng

Sunnfjord har blitt ein populær destinasjon for toppturar med ski på beina og i framtida kan det også bli fleire besøkande frå nabolandet.

– Her langs Jølstravatnet er det fantastisk natur og mange varierte toppturar. Ein kan gå bratt og langt, eller flatare og kortare, seier Rikard Andreasson.

Det er langt frå første gong dei har tatt turen til Norge for å gå på topptur. Tidlegare har dei vore innom Sunnmøre, Sogndal og Stryn, for å nemna nokon.

– Her i Norge har ein det meste. I tillegg til at det er nært Sverige har ein også høge fjell, fine fjordar og mykje nedbør, seier Schenholm.

På sine turar rundt i verda har dei levert reportasjar og bilete til forskjellige aviser, magasin og nettsider heime i Sverige.

Skitur i Sunnfjord

HAR DET MESTE: Svenskane meiner Noreg har det meste. Alt frå høge gjell, fine fjordar og mykje nedbør.

Foto: PRIVAT

Klimasmart skikøyring

Denne vinteren har det vore gode snøforhold i heile landet, medan fjoråret var langt dårlegare. Dei to svenskane gjer sitt for miljøet, med å reisa så miljøvenleg som mogeleg.

– Vi tok buss til Oslo og frå Oslo tok vi bussen hit. Det er ein miljøvenleg, enkel og rimeleg måte å reisa på, seier Schenholm.