Hopp til innhold

Rekordmange ber om seksualundervisning: – Trudde det var flaut

FLORØ (NRK): Over 800 elevar får i år seksualundervisning i regi av Røde Kors. Det er nær ei dobling frå året før og meir enn nokon gong.

Flora ungdomsskule

KASTA LÆRAREN PÅ GANGEN: Helene Solheim Andersen, Hanna Folgerø Kirkeeide, Leah Aukland og Markus Thaule i 8D på Flora ungdomsskule fekk seksualundervisning gjennom Røde Kors.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Først litt fnising, men så blir det heilt stille i klasserommet til 8D ved Flora ungdomsskule. Framme med tavla står det dildoar i rosa og raudt. På dagens timeplan står blant anna legning, porno og seksualitet.

– Eg trudde det skulle bli flaut, men det var ikkje, seier Helene Solheim Andersen.

Ho går i klasse 8D, og er ein av 818 elevar ved ein ungdomsskule eller vidaregåande skule i Sogn og Fjordane som i år får seksualundervisning i regi av Røde Kors. Det er eit rekordstort tal sidan tilbodet blei starta i 2008.

Medelev Markus Thaule meiner det er bra at elevane får meir kunnskap.

– Det er tema som kjem opp att seinare i livet. Då er det bra at vi kan noko om det, i staden for å komme i ein situasjon der vi må spørje «kva gjer eg no», seier han.

Kasta lærar på gangen

Hos klasse 8D blei lærarane kasta på gangen denne dagen. Inn kom studentar for å gi elevane seksualundervisning.

– Dei er ikkje så mykje eldre enn oss, så dei veit litt om korleis vi har det, seier Andersen.

Nettopp det at studentane som har seksualundervisninga ikkje høyrer til på skulen, trur Gunni Yttri (23) er viktig.

– Vi kjem utanfrå og skal bli sjukepleiarar. Dei ser oss ikkje i gangen til neste time, og då synest dei ikkje det er like flaut å stille spørsmål, seier ho.

Målet til Røde Kors er å gje unge auka kunnskap om si eiga seksuelle helse ved klasseundervisning.

– Først er det fnising, men når vi pratar sperrar dei opp auga og blir genuint interesserte, seier Trine Sølvberg Vedvik (21).

Sjukepleiarstudentar driv seksualundervisning på Flora ungdomsskule

KASTA LÆRAREN PÅ GANGEN: Gjennom Røde Kors gav sjukepleiarstudentane Trine Sølvberg Vedvik og Gunni Yttri seksualundervisning til 8D på Flora ungdomsskule.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Greitt å snakke om kropp

Det er første gong Flora ungdomsskule nyttar seg av Røde Kors-tilbodet. Skulen i Florø bruker opplegget til Røde Kors som eit supplement.

– Vi har blant anna seksualundervisning i naturfag, men det er eit tema som ungdomane bør få mykje informasjon om. Kunnskap er makt, seier kontaktlærar for 8D, Jannicke Eikevoll Heltne

Det var Sogn og Fjordane Røde Kors som stabla tilbodet på beina. Nokre år etter starta Akershus Røde Kors med det same.

– Mange born og unge slit med eige sjølvbilete, spesielt knytt til kropp og seksualitet. Det er ofte tabu å ta opp slike utfordringar, men det er akkurat det undervisingsopplegget er meint å utfordre, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Dag Hovland.

For ungdomsskuleelevane i Florø var det eit friskt pust i skulekvardagen med studentar som fortalde om alt frå kondombruk til sjølvbilete.

– Det er heilt greitt å snakke om kropp, seier Helene Solheim Andersen (14).