NRK Meny
Normal

Aksjonist glad for statsrådskifte

Bente Øien Hauge i Aksjonsgruppa Forsvar Lærdal Sjukehus er veldig godt nøgd med den nye helseministeren.

Bjarne Håkon Hanssen

Sjukehusaksjonistane i Indre Sogn er veldig glad for at Bjarne Håkon Hanssen vart erstatta av Anne Grethe Strøm Erichsen som helseminister.

Foto: David Krekling / NRK

I dag vart det kjent at Anne Grethe Strøm Erichsen tek over som helseminister etter Bjarne Håkon Hanssen.

LES OGSÅ: Her er Stoltenberg 3-regjeringen

- Noko av problemet med Bjarne Håkon Hanssen, er at han ikkje var så veldig glad i folket sitt. Han var ikkje så veldig interessert i å møte verkel lokalaksjonar, eller folkerørsla for lokalsjukehusa, seier Bente Øien Hauge.

Bente Øien Hauge

- Vi er veldig glad for statsrådskiftet, og er positivt forventingsfulle til den nye helseministeren, seier Bente Øien Hauge.

Foto: Privat

Aksjonistane i Indre Sogn kjempar for å bevare sjukehuset i Lærdal. Helse Førde har store økonomiske utfordringar og vurderer i desse tider funksjonane ved sjukehusa. Det kan mellom anna gå utover fødetilbodet ved sjukehuset i Lærdal . Øien Hauge opplever den nye helseministeren som innstilt på dialog og reelle diskusjonar om ulike tema.

LES OGSÅ: - Fødestova i Lærdal er ikkje freda

- Vi må sjølvsagt håpe at ho ikkje står for det same som den førre statstråden stod for i eitt og alt, seier Øien Hauge.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.