Hopp til innhold

Aksjon for sentralsjukehuset

Ei gruppe kvinner dreg no i gang ein aksjon for å sikre sentralsjukehustenestene i Sogn og Fjordane.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

Etter eit førebuande møte på Sande måndag tek eldsjelene sikte på å kontakte politikarar, halde underskriftskampanje og skipe til folkemøte.

- Heile fylket taper om det ikkje også blir kjempa for sentralsjukehuset, seier initiativtakarane til Firda.