Hopp til innhold

Aksepterer ikkje avgjerda til namsmannen

Allereie to månader før namsmannen gav Statnett grønt lys til å starte opp att arbeidet med kraftlina gjennom Myklebustdalen, klaga grunneigarane på vedtaket.

Myklebustdalen

STOGG: Etter kring sju månader lang pause, kan Statnett starte opp att arbeidet i Myklebustdalen. Avgjerda er allereie anka.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Namsmannen i Bremanger, lensmann Hans Rune Strandos, har gjeve Statnett løyve til å starte opp att arbeidet med transformatorstasjonen til den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal.

Tilgangen gjeld ikkje Sørdalen naturreservat. Statnett håpar å vere i gang med arbeidet om eit par veker.

– Vi sendte klagen til Fjordane tingrett i november, då det vart bestemt å fremme tvangsforretning. Så klagen er til behandling i rettssystemet, seier advokaten til grunneigarane, Bjørn Tore Steffensen.

Prøvde å utsetje avgjerda

Statnett og grunneigarane står steilt mot kvarandre i saka, og arbeidet vart i juni stogga etter ei avgjerd i Gulating lagmannsrett. Då var kring 50.000 kubikkmeter stein, og arbeid for 75-100 millionar kroner utført i området.

Martha Hagerup Nilson

VIKTIG: Martha Hagerup Nilson hos Statnett seier det er viktig å kome i gang att med arbeidet i Myklebustdalen.

Foto: Sindre Sunde Tveit

Det var Fjordane tingrett som ba namsmannen vurdere om Statnett skulle få halde fram. Heilt fram til kjennelsen fall tysdag, prøvde grunneigarane å få den utsett.

– Dette er ei veldig viktig avgjerd for heile Sogn og Fjordane og Midt-Norge. Vi kan halde fram arbeidet med å sikre Midt-Norge ei betre straumforsyning og leggje til rette for alle fornybare prosjekt som no står på vent i Sogn og Fjordane og Sunnmøre, sa kommunikasjonssjef i Statnett region vest, Martha Hagerup Nilson tysdag.

Kan bli stogga på nytt

I tillegg til at avgjerda til namsmannen no er anka, gjenstår det også fleire rettssaker som kan stogge arbeidet. I midten av februar tek Borgarting lagmannsrett stilling til løyvet som gjeld kraftlina gjennom Sørdalen naturreservat. Den underliggande konflikten i saka, Olje- og energidepartementet sitt konsesjonsvedtak i 2011, skal også handsamast rettsleg.

Den siste klagen gjer at arbeidet teoretisk sett kan bli stogga igjen. Om ikkje før, så like etter at entreprenøren har kome i gang att.

– Det avheng av når Statnett kjem i gang, men det kan skje. Vårt mål har ikkje endra seg sidan den avgjerda frå namsmannen kom, så vi jobbar framleis for å få stogga arbeidet, seier Steffensen.