Hopp til innhold

Aalesund interesserte i Furebotn

Henrik Furebotn kan bli ein del av stallen til Aalesund-trenar Kjetil Rekdal neste sesong.

Hopen og Furebotn

KAN GÅ TIL AALESUND ETTER SESONGEN: Henrik Furebotn (t.h.) vil ikkje forlengje kontrakten med Sogndal etter sesongen og seier han vil prøve noko nytt. No melder Sogn Avis at Aalesund skal vere interessert i å hente midtstopparen frå Årdal.

Foto: Anders Hoven / Anders Hoven , Digitalsport

Det er Sogn Avis som skriv at midtbanespelaren kan vere på veg til eliteserieklubben i nabofylket. Etter det avisa kjenner til skal sunnmøringane allereie ha varsla klubbleiinga i Sogndal om at dei er interesserte i Furebotn.

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, vil ikkje kommentere dette overfor avisa. Men Mundal seier at Aalesund har lov til å prate med Furebotn då han har oppunder seks månader igjen av kontrakten sin. Furebotn har ikkje skrive under ny kontrakt med Sogndal, og kan gå gratis frå sogneklubben etter sesongslutt.

At Kjetil Rekdal visstnok skal ha Furebotn på ønskjelista er noko 26-åringen sjølv gler seg over.

– Aalesund er ein spennande klubb, og noko som absolutt er interessant for meg, seier Furebotn til Sogn Avis.

Midtbanespelaren har sjølv ikkje vore i kontakt med Aalesund, men seier at agenten hans har vore i møte med klubben. Kva som kom ut av dette møtet veit han ikkje enno.

Uansett har ikkje årdølen hastverk med å kome seg vekk frå Sogndal, skriv avisa. Sjølv om Sogndal har sagt at dei svært gjerne vil ha Furebotn med vidare, er han bestemt på at dette blir hans siste sesong i saftbygda. Men før han reiser skal han gjere det han kan for at laget held plassen i eliteserien.

– Eg spelar for Sogndal ut sesongen, og er innstilt på å gjere mitt yttarste for at klubben skal halde plassen i eliteserien. Det er mitt fokus no, seier Furebotn til Sogn Avis.