Hopp til innhold

«Søsken til evig tid»:– Når vi ikkje er her lenger, så kan andre lese om oss

NAUSTDAL (NRK): Søskenparet Oddny og Magnar har rørt noko ved folkesjela etter at to millionar har sett dei på tv og kino. No kjem historia om korleis livet blei til, og om draumane som måtte bli lagt til side for å drive familiegarden vidare.

Oddny og Magnar Kleiva

LEVD HEILE LIVET SAMAN: I over 70 år har Oddny og Magnar Kleiva levd saman på garden på Kleiva i Naustdal.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Det har ikkje alltid vore ein dans på roser for oss på garden, seier Magnar Kleiva.

Dei litt krokbøygde søskena har levd eit heilt liv på småbruket i Naustdal. Først saman med familien. Til slutt berre dei to. Eit liv som har gjort søskenparet til rikskjendisar etter to kinofilmar.

Framleis driv dei garden slik dei alltid har gjort. Fjøsstellet blir tatt til faste tider. På veggen heng klokka som berre syner vintertid, for Magnar og Oddny skrur den aldri ein time fram når sommaren er på veg.

Medan filmane har handla mest om livet på garden og om ein tur til USA, har forfattaren bak «Søsken til evig tid» spurt søskena om det som har vore dei litt tyngre sidene ved livet. Har dei drøymt om noko anna?

Det er minner om ei tid då andre ungdomar gjekk flørtande i vegkanten på veg til dans, og der Oddny og Magnar heller måtte vere att på garden for å gjere si plikt.

Historia om då dei vart gjeldfrie

Magnar peiker ut ein del av boka han set ekstra pris på.

– Historia om at vi greidde å gjere oss gjeldfrie. Det er ikkje moro å ha gjeld ein ikkje får betalt, og frykt for å finne det eine hardare brevet etter det andre i postkassa.

Søskenparet frå Sunnfjord deler frå familiehistoria si. Om livet med gamle foreldre og to eldre søstrer. Foreldra forlangte å bu heime på garden til dei døydde.

– Faren blei sjuk og sengeliggande, og Magnar tok over garden i 1969. Då gjekk han sporenstreks i banken for å betale ned all gjeld, seier forfattar Ivar Longvastøl.

Oddny og Magnar Kleiva

HEIME PÅ GARDEN: Søskenparet frå Sunnfjord deler frå familiehistoria si heime på garden.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Den eine søstera var fødd utanfor ekteskap, noko som var ei stor skam på den tida. Den andre søstra var psykisk utviklingshemma og måtte bu vekke på insitusjon. Ingen av søskena gifta seg eller fekk born. No er det berre Oddny og Magnar att.

– Boka er eit minne for livet. Når vi ikkje er her lenger, kan andre lese om oss, seier Magnar.

– Oddny fortener ein medalje

Interessa for dei to lågmælte sunnfjordingane er stor. På laurdag vart boka lansert på den lokale kafeen. Då stod folk klare med fleire eksemplar av boka, som dei ville Magnar og Oddny skulle signere.

– Vi sat timevis i butikken, så eg var litt trøytt då kvelden kom. Eg måtte skrive fort, for dei stod i kø, seier Magnar.

Forfattaren bak boka meiner historia til søskenparet viser to annleis, men gode liv.

– Dei formidlar ein del verdiar som vi ikkje tek oss tid til i vår hektiske kvardag. Viktige verdiar som ansvar, plikt og samhald, seier Longvastøl.

Nettopp samhaldet kjem fram i boka.

– Magnar seier Oddny fortener ein medalje, for utan ho hadde det ikkje vore noko gardsdrift. Han meiner det er mange som har fått Kongens fortjenstmedalje for å ha gjort langt mindre enn Oddny, seier Longvastøl.

SJÅ REPORTASJE: Her kan du sjå reportasjen frå garden til søskenparet.