Hopp til innhold

Publikum rørt til tårer

FØRDE (NRK): «Søsken til evig tid – Amerikareisa» hadde premiere på Førdehuset i kveld. Magnar og Oddny Kleiva var sjølvsagt heidersgjestar.

Magnar og Oddny Kleiva

SPENTE: Magnar og Oddny gler seg til premiere på Førdehuset.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Eg trur det blir moro å sjå filmen, seier Magnar Kleiva.

– Du har jo sett filmen nokon gonger no, er du fornøgd?

– Ja, eg er eigentleg det. Det var moro å vere i Amerika.

Kinosalen var fylt til randa av sunnfjordingar som ville få eit gjensyn med det bedagelege syskenparet frå Naustdal, som blei allemannseige etter dokumentaren «Søsken til evig tid» frå 2013.

Denne gongen er det deira aller fyrste ferietur som blir vist fram. Dei hardtarbeidande syskena nytta seg endeleg av invitasjonen dei fekk av sine amerikanske slektningar i førre film, og tek turen over dammen.

Magnar og Oddny kom på raud løpar iført høvesvis dress og bunad, og smilte sine breiaste smil då dei såg kor mange som hadde møtt opp.

Les også: Verdenspremiere på filmen «Amerikareisa»

Magnar og Oddny Kleiva
Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Stolt regissør

Dokumentarfilmskapar Frode Fimland gleda seg over å sjå at syskenduoen framleis er like populær.

– No er Magnar og Oddny verkeleg på heimebane. Det blir veldig spennande å sjå korleis publikummet her i Sunnfjord tek reagerer på filmen, sa han før premiera.

– Reaksjonane har vore bra så langt?

– Ja, og publikum har vore veldig spente på å sjå kva slags film dette er.

Les også: «Det var no kjekt at dei filma - då har vi minne frå turen»

Anne-Britt Øyra

RØRT: Anne-Britt Øyra frå Naustdal elska filmen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Rørte til tårer

Etter litt over ein time med latterbrøl og tårer inne i kinosalen, samla publikum seg utanfor for å diskutere det dei nett hadde sett.

– Ein heilt utruleg fin film. Eg blei rørt til tårer, seier Anne-Britt Øyra frå Naustdal etter at filmen var blitt vist.

Heilskapsinntrykket var det som trefte ho sterkast.

– Det var så mykje varme. Rørande og flotte bilete. Heilskapen i filmen er fantastisk fin. Eg har nesten ikkje ord, seier ho.

Ho er glad ho fekk føle på det å vere ein del av reisa til syskenduoen.

– Så moro å få vere med på reisa til Amerika, som sikkert var den største i deira liv.