Hopp til innhold

«Ho må kjempe for E39 i indre»

Fleire går no ut og krev at Jenny Følling må bli ein tydeleg forkjempar for E39 gjennom Stryn.

Jenny Følling

KRAV: Fleire krev no at Jenny Følling må bli ein forkjempar for E39 gjennom Stryn og brua.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Stryn inviterte veglobbyistar og politikarane Følling til møte om E39 denne veka.

Hotelldirektør Richard Grov ved hotell Alexandra meiner Følling, som er sterk tilhengar av bru Lote-Anda, no heller må jobbe hardt for bru i Stryn.

– Vi føler at vi treng tydelege politiske signal, der det ikkje vert skapt noko som helst uvisse om kvar veg og vegtrasear skal gå. Slike tydelege signal vil hjelpe oss å kome i gang med planar som skal resultere i ny veg, seier Grov.

Har kjempa for midtre og bru Anda-Lote

Richard Grov

HOTELLDIREKTØR: Richard Grov.

Forkjemparane for E39 gjennom Stryn er utolmodige.

Tysdag var leiaren i Stamvegutvalet Jenny Følling på vitjing til Stryn, som er nyinnmeldt i utvalet som består av kommunane langs E39.

Men Følling har som fylkesvaraordførar og senterpartipolitikar kjempa for at E39 skulle gå i midtre trasé. Den kampen tapte ho, då regjeringa valde indre denne sommaren.

No forventar både hotelldirektør Grov, og leiar for Gode Vegar AS, Svein Sunde, at leiaren i stamvegutvalet stiler opp for indre.

– No ønsker vi å kome i gang med planane for strekninga Hornindal-Byrkjelo. Vi er så utolmodige etter å kome i gang at dersom ikkje statlege styresmakter tek tak i det, så tek vi tak i det, seier Sunde.

– Stortinget sitt mandat gjeld

Jenny Følling skal no leie eit stamvegutval med fire Nordfjordkommunar og to ulike trasear, den noverande, og den som skal vere E39 i framtida.

No er ho oppteken av å gjere alle til lags.

– I vårt mandat er det Stortinget sitt vedtak som gjeld, så det er det som gjeld. Så har E39 gått i midtre, vi har kjempa for 20-minuttsavgangar. Dei flaskehalsane som ligg mellom Sandane og Byrkjelo må rustast opp.

Men ho lovar å la gamle kampar vere nettopp det.

– Vi skal ikkje jobbe for å skape konfliktar. Vi skal jobbe for å samordne dei interessene som finst. Og ei gladmelding nyleg var faktisk 20-minuttsavgangar mellom Anda og Lote, seier Følling.