Hopp til innhold

"Gløymd" krigshelt heidra for innsats i Spania

FØRDE (NRK): 19 år gamle Martin Schei drog heile vegen frå Førde til Spania for å kjempe mot fascistane under den spanske borgarkrigen. Han vart drepen og kom aldri heim igjen. I går kveld var det tid for å hylle den «gløymde» krigshelten.

Slekta til Martin Schei.

ETTERKOMARAR: Her ser vi fleire av nevøane etter Martin Schei frå Førde. Han deltok i den spanske borgarkrigen og vart i 1937 drepen under kamphandlingar. Onsdag kveld vart den 'gløymde krigshelten heidra under eit arrangement i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Den store kinosalen i Førde var halvfull under markeringa av Martin Schei i går kveld. Her var fleire slektningar, professorar, filmskaparar og mange historisk interesserte. To kortfilmar om den unge sosialdemokraten frå Førde vart vist for aller første gong.

«Det verste djevelskap»

Innhaldet i breva Martin Schei sende heim til familien gav den raude tråden i filmane, ein tråd der 19-åringen karakteriserte fascistane «som den verste djevelskap».

Som om lag 200 andre nordmenn trudde Martin Schei at dei skulle greie å nedkjempe fascistane som hadde militær støtte frå Hitler. Men slik gjekk det dessverre ikkje. Martin Schei vart drepen og nazismen overtok som den leiande ideologien i store delar av Europa.

Rørt til tårar

Martin Schei var onkel til Bjørn Schei som var i Førde i går kveld.

– Eg har stor respekt for onkel Martin. Han handla ut frå ei overtyding og ofra seg for det han trudde på, sa Bjørn Schei. Ein annan slektning fortalde at ho var rørt til tårar over onkelen sin som ho ser så opp til.

I tillegg til filmane var det mellom anna føredrag ved professor Jon Olav Myklebust, som har skrive ei bok om Martin Schei.

– Vi greidde å finne to karar som var frivillige i Spania og som hadde kjempa side om side med Martin Schei. Dei hadde snakka med han etter at han hadde fått skotet i magen. Han døydde dessverre av skadane, fortalde Myklebust.

Jon Olav Myklebust Reidar Fugle Nordhaug

BAUTA: Professor Jon Olav Myklebust, som har skrive bok om Martin Schei, i samtale med fylkesleiar i AUF, Reidar Fugle Nordhaug. Nordhaug meiner det må reisast ein statue av Martin Schei.

Foto: Bård Siem / NRK

Var på Utøya

Professoren viste også til at AUF-aren Martin Schei var på Utøya rett før han reiste til Spania i 1937.

– I 2011, to dagar før terroren på Utøya, vart det avduka eit minnesmerke på Utøya over fire AUF-arar som fall under den spanske borgarkrigen. Ein av dei var Martin Schei. Det viser aktualiteten, sa han.

Dersom fascismen vinn fram i Spania, skreiv Martin Schei i eit av breva sine, så har vi det snart i Norge også.

– Han var framsynt, sa Myklebust.

Film om Martin Schei.

Ny film om Martin Schei som var drepen i Spania i 1937.

Vil ha statue

Leiar i AUF, i fylket, Reidar Fugle Nordhaug, fortalde at han ser på Martin Schei som ein helt og eit forbilde.

– Martin Schei døydde ikkje berre for noko han trudde på som var større enn han sjølv og som vart godt i sin natur. Schei var ein som ofra seg til det yttarste for det han trudde på. Han ofra livet. Martin Schei er eit forbilde og ein helt for meg, sa Nordhaug.

Martin Schei er eit forbilde og ein helt for meg.

Reidar Fugle Nordhaug

Fugle Nordhaug meiner det Schei stod for er så positivt og viktig at det bør reisast ein statue av han i Førde. Fugle Nordhaug får støtte av fylkessekretær i LO, Nils P. Støyva.

– Martin Schei fortener ein statue, seier Støyva.

Martin Schei og brevet heim til mor

INGEN VISSTE: Korkje foreldre eller familie visste noko som helst, då 18 år gamle Martin Schei reiste for å kjempe i den spanske borgarkrigen. Nokre månader seinare var han død.

Foto: Privat

Internasjonalt prosjekt

Historia om Martin Schei er ein del av det internasjonalt prosjektet «A train to Spain» om den spanske borgarkrigen. Professor Gunnar Strøm er prosjektleiar i Norge.

– I år er det 80 år sidan den spanke borgarkrigen starta. Det var mange nordiske frivillige som drog til Spania, både for å kjempe og for å drive humanitært arbeid. Dette er eit kunstnarisk dokumentarprosjekt som starta i Finland og går via Sverige, Norge, Danmark og til Spania. Den norske biten av prosjektet omhandlar Martin Schei, fortel Strøm.