Hopp til innhold

I dag var «Fjordoksen» i fyr og flamme - sjølv kraftpluggane frå Aust-Europa skygga bana

Sindre Rørstadbotnen kom ikkje på pallen, men elddåpen som vektløftar i 105-kilosklassen gav han alle svara han søkte.

Sindre Rørstadbotnen

ARKIVFOTO: Sindre Rørstadbotnen frå Naustdal er nøgd med 5.-plass totalt under U23-EM i Litauen. – Det er A-puljen i 105-kilosklassa. Det er glossar ein har med å gjere, men så er eg ein liten fjordokse, humrar han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 141 kilo i rykk, og 187 kilo i støyt viste Sindre Rørstadbotnen solid form.

Konkurransen var berre hans andre sidan han bestemte seg for å ta kampen med kiloa, og gå opp ein vektklasse.

– Fem godkjende løft i eit EM, pers med åtte kilo totalt og ei topp fem-plassering. Eg kan ikkje vere anna enn nøgd. Spesielt når eg kjenner at eg har alvorleg mykje meir å gå på, strålar naustedølen.

– Eg var brutal i dag

Rørstadbotnen imponerte sportssjef Arne Grostad i Vektløftarforbundet. På forbundet sine nettsider skriv Grostad at han aldri har sett naustedølen så bestemt og konsekvent som i støyt.

Naustedølen persa seg med seks kilo i støyt og to kilo i rykk.

– Eg var brutal i dag. Eg veit ikkje kva eg tenkte, men eg berre gjekk ut og gjorde det eg gjorde. Eg visste ikkje ein gong at det var 187 kilo på stonga. Eg var eit dyr, seier han og fortel at både ukrainarar og russarar såg seg nøydde til å skygge bane då ein naustedøl i fyr og flamme kom frå podiet etter rekordstøyten.

Stressar ikkje med EM

Resultatet i Klaipeda heldt ikkje til å kvalifisere seg for EM på heimebane. Til det mangla det nokre få poeng. Utan at det bryr Rørstadbotnen nemneverdig. For i Litauen var det berre best mogleg plassering det handla om.

– EM-kravet har eg inne, så det stressar eg ikkje med. I rykk vart det bom på 143 kilo på grunn av ein liten teknisk feil, seier han og legg til:

– Hadde eg vore tre kilo lettare, så hadde eg klart det. Men no har eg hatt to konkurransar i denne klassa og persa begge gonger. Eg har aldri kjent det slik før. Det er utruleg motiverande.

– Med tanke på prosessen du har vore gjennom for å gå opp ein vektklasse, så er vel dette gode svar å få?

– Heilt klart. I det siste har eg budd i ein hall i Tønsberg og budd meg til dette. Trent inni granskogen og hatt mykje ilt. Då er det herleg å få ei slik utblåsing.