Hopp til innhold

Han er klar for sitt andre EM i år

Vektløftaren Sindre Rørstadbotnen klarte i går EM-kravet til U23-meisterskapen. Dermed skal han reise på sitt andre EM i år - denne gongen i ny vektklasse.

Sindre Rørstadbotnen

TRENAR HARDT: Sindre Rørstadbotnen har fått utteljing for målretta trening over mange år.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

– Eg er veldig stolt over å ha kvalifisert meg til to EM på eitt år. Det er det ikkje mange som får oppleve, seier Sindre Rørstadbotnen frå Naustdal.

Det var under ein klubbmeisterskap torsdag klarte EM-kravet. Han enda opp med 355 poeng, fem poeng over EM-kravet til meisterskapen i Litauen i oktober.

I kanonform

Tambar-løftaren klarte EM-kravet allereie i første forsøk, men valde likevel å leggje på meir vekter.

Dermed enda han på ny personleg stemnerekord med 180 kilo i sitt beste støyt.

– Eg er i kanonform. Eg hadde ei veldig god kjensle og kunne klart meir, men valde å spare kroppen. Eg har klart 180 kilo på trening før, men då har det ikkje kjenst like lett som i går.

På veg opp i vekt

Det var i april 22-åringen debuterte i 94-kilosklassen i senior-EM med 133 kilo i rykk og 175 kilo i støyt. Men etter nær åtte år i denne klassen, bestemte Sindre Rørstadbotnen tidlegare i sommar for å ta steget opp i 105-kilosklassen.

– Eg er på veg opp i vekt. Matbudsjettet er sprengt for lenge sidan. Det har kravd mykje meir enn eg hadde trudd. No ligg eg på 100 kilo om morgonen, men med litt unnasluntring går eg ned med ein gong. Eg trenar mykje, så forbrenninga mi er høg.

Målet under U23-EM er å perse og hevde seg i støyt. For han føler seg i veldig god form for tida.

– Under EM får ein individuell plasseringar. Det betyr at om ein endar på 10. plass i rykk, kan ein likevel få 1. plass i støyt, seier han.

– Men eitt senior EM i april, nordisk i august, U23-EM, Norgescup og NM på toppen av at du skal opp ein vektklasse, så blir det eit hektisk år?

– Det blir ganske mykje mat og vektløfting om dagen, så det går på akkordar. Men eg trivast med det. Spesielt når ein ser det gir resultat, seier han.