Hopp til innhold

Hoppar av landslagslaget for å satse aleine

Sindre Rørstadbotnen (22) gjer alt for å bli sterkast mogleg til EM i vektløfting på heimebane neste år. No hoppar han av landslaget for å satse aleine mot europatoppen.

Sindre Rørstadbotnen

VIL NÅ LENGER: Medan Sindre Rørstadbotnen har vore på landslaget har ikkje han nådd dei store internasjonale resultata, no hoppar han av landslaget for å satse aleine.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

– Det er mykje eg kunne ha gjort, men det har blitt slik som det har blitt, og det trur eg alle er nøgde med, seier Rørstadbotnen, som snakkar om valet han har tatt om å stå aleine i satsinga si som vektløftar.

Måtte prøve noko anna

Vektløftaren frå Naustdal har vore ein del av dei norske landslaga i mange år, men no har han trekt seg ut.

– Slik som det er no tok eg eit val ut ifrå at vi har EM på heimebane neste år, samstundes som eg ikkje har følt at alt klaffar. Det har vore feiltenning heile tida, og då kom eg til eit punkt der eg kjente at eg måtte prøve noko anna, seier 22-åringen.

Rørstadbotnen er vektløftaren som i mange år vart sett på som arvtakaren etter Stian Grimseth.

Men trass i at han lenge har vore blant dei aller beste i Norge, har det ikkje blitt dei verkeleg store resultata internasjonalt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sindre Rørstadbotnen

VIL SJÅ BETRE RESULTAT: 22-åringen frå Naustdal ser fram mot EM på heimebane og har hårete mål før konkurransen i 2016.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil nå lenger

No vil 22-åringen gjere ting på sin eigen måte for å få oppnå det han vil og for å få fart på utviklinga igjen.

– Eg vil halde fram med utviklinga og ikkje hamne på det nasjonale nivået og balansere der, men kome vidare, seier Rørstadbotnen.

Brotet med landslaget vart gjort i samråd med landslagstrenaren. Gunnar Reiakvam synest likevel ikkje situasjonen er optimal.

– Det er klart eg ville hatt han på laget. Men når ting er som dei er så må ein gjere det beste ut av det. Han er ein kapasitet vi gjerne skulle hatt på laget, men når ikkje det fungerer optimalt må ein gjere det på ein annan måte, seier han.

Ein hårete draum

Geir Reiakvam

INGEN DRAMATIKK: Landslagstrenar Gunnar Reiakvam hevdar at 22-åringen har eit godt apparat rundt seg for å satse.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Med seg på laget har vektløftaren fått tidlegare EM-deltakar, Geir Grønnevik, som no skriv treningsprogrammet. Også Stian Grimset med erfaring frå fleire OL og internasjonale meisterskap hjelp til med si rutine. Landslagstrenaren ser ingen grunn til uro.

– Han har eit veldig bra apparat rundt seg. Det er einaste når eg er vekke på samling at han blir ståande litt aleine. Men han har no blitt så driven at han klarar seg godt sjølv, så det er ingen dramatikk i dette, fortel Reiakvam.

Sjølv meiner Rørstadbotnen at han er betre enn nokon gong, og neste år skal han utfordre dei beste i Europa, på heimebane i Førde.

– Neste år går vi inn i eit OL-år. Alle utøvarane i verda er i toppform, så det blir nok litt hårete å drøyme om ein medalje, men sjølvsagt gjer eg det. Men om vi er realistiske skal eg ha ganske bra klaff, seier vektløftaren frå Naustdal.