Hopp til innhold

Slik kosar svenskane seg etter at Sogndal gløymde att trenaren

Historia om trenaren som vart ståande att i Haugesund – medan laget reiste heim – har no nådd spaltene i svenske medium.

Harald Aabrekk i Aftonbladet

I SVERIGE: Slik ser nettutgåva av Aftonbladet ut torsdag føremiddag.

Foto: Skjermdump frå aftonbladet.se

«Laget glömde en viktig detalj i spelarbussen hem – sin tränare», heiter det i ein artikkel med tittelen «Tränaren glömdes kvar – efter storförlusten» på Aftonbladet si nettutgåve.

Kosar seg med historia

Etter at Sogndal tapte 4–0 borte mot Haugesund, forlet laget byen medan trenar Harald Aabrekk stod igjen i eit intervju med heimelaget sin eigen TV-stasjon.

Først då dei hadde køyrt i om lag 20 minutt, oppdaga dei at trenaren ikkje var med. No har også utanlandske medium fått augo opp for historia.

«Dråplig historia från Norges högsta fotbollsliga», rapporterer aftonbladet.se.

Har ikkje teke telefonen

– Det var nok litt dårleg kommunikasjon som gjorde at bussen køyrde ifrå han, seier Ulrik Flo til NRK.no.

– Det er sånt som skjer. Eg har også blitt gløymt att, legg han til.

Harald Aabrekk har torsdag ikkje vore mogleg å komme i kontakt med for NRK på telefon.

Harald Aabrekk
Foto: Rune Fossum / NRK