Vålerenga-spelarane og trenar Martin Andresen er sugne på å vere det første laget som sender Sogndal av bana utan poeng i år. Og på Ullevaal har dei sendt både Haugesund og Viking heim med tap.
Når det er sagt, må det nemnast at i begge desse kampane hadde Vålerenga marginane på si side.
Desse startar for Sogndal:
Kenneth Udjus – Eirik Skaasheim, Gustav Valsvik, Hannu Patronen, Taijo Teniste – Tonny Brochmann, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen – Malick Mane, Ulrik Flo.
Dette er same gjengen som spelte uavgjort mot Haugesund, så alt burde ligge til rette for at Vålerenga skal få tøff motstand når dei før besøk av klubben frå saftbygda.
På benken har Jonas Olsson med seg: Leif Lysne, Eirik Bakke, Tore André Flo, Elvis, Ruben Holsæter og Stian Dyngeland.
Ikkje med felleskjøp-capsen i handa
Supporterane til Vålerenga, Klanen, kallar alle lag som ikkje kjem frå Oslo for "bønder". Men Sogndal er vel det laget som er nærast treff i denne karakteristikken. Og Klanen håpar nok på eit lag som kjem til Ullevaal med fellskjøp-capsen i handa
Men årets Sogndal-lag har til no nekta å framstå slik. På Lerkendal stod dei imot RBK-presset og skapte etter kvart eigne sjansar. Og Sogndal har ikkje tenkt å gje Vålerenga for mykje rom. For gjer dei det kan dei vere ille ute, seier fotballeksperten til NRK, Jon Navarsete.
– Dersom ein spelar som Håvard Nielsen får boltre seg for fritt på venstrekanten blir det fort målsjansar ut av det, og Vålerenga har fleire spelarar som kan skape trøbbel.
Mager statistikk
Sogndal har ikkje statistikken på si side i oppgjera mot Vålerenga på Ullevaal, ein siger, fem tap og fem uavgjorte kampar og ein målskilnad på 13-22 er statusen.
– Dei fleste laga vil nok slite på Ullevaal, men på den andre sida har Sogndal eit høgare nivå enn tidlegare, og dei kan ta poeng frå alle.
Tilsvarande oppgjer i fjor enda 1-1, medan Vålerenga vann 1-0 på Fosshaugane.
– Kanskje ein kamp for Elvis
Jon Navarsete reknar med at Jonas Olsson ikkje endrar særleg på det laget som starta mot Haugesund.
– Det einaste måtte vere å sette inn Elvis, kanskje i staden for Eirik Bergum Skaasheim. Vi treng ein som kan demme opp for kantane til Vålerenga, og Eirik var ikkje heilt på høgde mot Haugesund.
Navarsete håpar at Sogndal maktar å legge press på forsvaret til Vålerenga, for det er sårbart når dei må spele utan veteranen André Muri.
Kampen mot Vålerenga blir send på tv-kanalen MAX.