NRK Meny
Normal

«Ambulansetensta til Helse Førde er ikkje berekraftig»

Tenesta blir stadig dyrare og helseføretaket strevar med å rekruttere til dei minste stasjonane. Dermed kan det vere duka for nye rundar om framtida til ein del av ambulansestasjonane i Sogn og Fjordane.

Ambulansar i Førde

VURDERER AMBULANSETENESTE: Det kan kome nye rundar om nedlegging av ambulansestasjonar i Helse Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Nye krav og strengare arbeidstidsordningar har ført til titals fleire tilsette i ambulansetenesta dei seinare åra, likevel er det krevjande å rekruttere til ambulansestasjonar som har få oppdrag.

Administrerande direktør Jon Bolstad fryktar utgiftsveksten går utover andre viktige sjukehusoppgåver.

– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester.

For to år sidan foreslo administrasjonen i Helse Førde å redusere talet på ambulansestasjonar . Den gongen fekk dei ikkje gjennomslag i styret.

Nye rundar

Det vil truleg kome nye rundar om nedlegging av ambulansestasjonar i Helse Førde.

Jon Bolstad

NYE KRAV: Jon Bolstad er administrerande direktør i Helse Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRK

I dag er det 21 ambulansestasjonar kring om i fylket, i tillegg kjem båtambulansar og helikopter. Men i fylgje Helse Førde har fleire av stasjonane få oppdrag og slit med rekrutteringa.

Bolstad er uroleg for at beredskap og nye krav og forventningar i for stor grad bind opp ressursar, som kunne vore brukte på til dømes kronikarar.

– Eg trur vi og må sjå om det er andre forhold i samfunnet som påverkar. Vi har ei luftambulanseteneste som er godt utbygd, vi har fått bruer og tunnelar som har konsekvensar for korleis vi tenker beredskap, seier Bolstad.

Varslar kamp

Marita Aarvik

KJEMPAR FOR AMBULANSEN: Marita Aarvik er lokallagsleiar i Selje Frp.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det var under eit møte med Framstegspartiet sin helsefraksjon på Stortinget at Bolstad vart utfordra om framtida til ambulansetenesta. Marita Aarvik som er lokallagsleiar i Selje Frp varslar kamp mot ambulansekutt.

– Eg tykkjer ikkje ein skal seie at ei ambulanseteneste skal vere økonomisk berekraftig. Dette er tilbod og eit krav som pasientane har til hjelp. Då er det ikkje snakk om at det skal vere lønsemd i det, seier Aarvik.

– Har forplikta seg

Lars-Svein Drabløs

HAR FORPLIKTA SEG: Lars Svein Drabløs er fylkesleiar i Frp

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fylkesleiar i Frp, Lars Svein Drabløs, meiner ein politisk har forplikta seg til å satse på ambulansar i kjølvatnet av nedlegging av akuttfunksjonar på lokalsjukehusa.

– Vi har bra ordningar i dag, og det må vi også halde fram med å ha.

– Er ein sikker på at alle ambulansestasjonane er naudsynte?

– Det har med rekruttering å gjere. Det er klart at det er eit aukande behov for god kompetanse. Dersom ein stasjon ikkje har god kompetanse, men berre er transportmiddel, då må ein prøve å finne andre løysingar som er tilfredsstillande for dei pasientane som bur i desse utkantane, seier Drabløs.

Helse Førde går ei tøffare tid i møte økonomisk, mellom anna på grunn av samhandlingsreforma der kommunane tek over delar av helseføretaka sine pasientar og inntekter.

Konkret vurderer Helse Førde no båtambulansetilbodet og tilbodet i Ytre Sogn, men Bolstad varslar at Helse Førde til ei kvar tid vil vurdere organiseringa kring om i fylket.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser