NRK Meny
Normal

«Aina» stengjer fjellovergangar

Fleire fjellovergangar i Sør-Norge er fredag morgon stengde. Det er venta kraftig vind også utover dagen.

Hol - Aurland

STENGT: Riksveg 50 Hol–Aurland er fredag morgon mellom fleire stengde fjellovergangar i Sør-Norge.

Foto: Statens vegvesen / Vegkamera

Ekstremvêret «Aina» har råka trafikken både på land og til sjøs. Men med unntak av to skøyter som gjekk ned ved Sotra, har vindkreftene og nedbøren gjort få skader i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

På kysten av Rogaland og Hordaland er det observert vestleg full til sterk storm og kraftige vindkast på over 35 m/s. Natt til fredag vestleg full storm 25 m/s utsette stader sør for Sognefjorden.

Frå fredag morgon er det venta nordvest liten til full storm 25 m/s. Det er også venta høge bølgjer inn mot kysten, estimert til 8–11 meter.

Eit stormsenter ligg rett vest for Møre og Romsdal, og det er fredag venta full storm utsette stader og kraftige vindkast inn over land. Kombinasjonen av sterk vind, store nedbørsmengder og høge bølgjer gir potensial for store øydeleggingar, melder Meteorologisk institutt.

Slik er status på fjellovergangane i Sør-Norge (oppdatert 0815):

E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke.

E16 Filefjell: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt på grunn av sterk vind.

E134 Haukelifjell: Stengt på grunn av uvêr.

Rv. 7 Hardangervidda: Stengt på grunn av uvêr.

Rv. 9 Hovden–Haukeli: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr og fare for skred. Blir ikkje opna att fredag.

Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke og fare for glatte parti. Fare for elg.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.

Fv. 50 Hol Aurland: Kolonnekøyring grunna uvêr.

Fv. 53 Tyin – Årdal: Stengt på grunn av uvêr.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.