Hopp til innhold

«Aina» stenger fjellet og rammar ferjetrafikken

Vegar og ferjesamband stengd av uvêr og sterk vind.

Haukelifjell

STERK STORM: Ekstremværet Aina er venta å vera verst natt til fredag. Torsdag kveld er fleire fjellovergangar stengde. På Haukeli er det kolonnekøyring.

Foto: Statens vegvesen

Kraftig og vedvarande regn har herja på Vestlandet dei siste dagane. Torsdag tok dei store nedbørsmengdene liv, då ei kvinne døydde i eit jordras på Osterøy.

Frå torsdag kveld er det vinden som tar over.

Når ekstremvêret «Aina» feier inn over Vestlandet seint torsdag, er det venta full til sterk storm og kraftige vindkast inn over land. Vinden kjem frå vest og har potensial til å skapa store øydeleggingar langs kysten og innover fjordane.

VIDEO: Stormen herjar på Vestlandet.

Men fleire område i Sør-Norge får kjenna på vinden: I Agder, Telemark og Buskerud er det venta at vinden skal auka til vestleg full storm og vindkast på 30 til 40 meter i sekundet i Langfjella. Fredag ettermiddag dreier vinden nordvestleg. I låglandet i Vest-Agder trur meteorologane på vindkast opp til 30 meter i sekundet natt til fredag.

– Stormen treffer Sør-Vestlandet først og beveger seg nordover langs kysten i løpet av natta. Rundt midnatt er vêret venta å treffa Hordaland. Så er det venta full storm utover fredag, seier statsmeteorolog Martin Granerød til NRK klokka 20.45.

Fly klarte ikkje å landa – måtte snu

Sterk storm er kategorien under orkan og meteorologane fryktar store øydeleggingar når vêrsystemet treffer kysten.

– Me kan få kraftige vindkast på heile 35–40 meter per sekund, seier Granerød.

Eit fraktfly frå Oslo måtte snu etter å ha forsøkt å landa på Sola lufthamn torsdag kveld. Stavanger Aftenblad skriv at flyet til slutt sette kursen mot København.

På Flesland melder Avinor om forseinkingar i flytrafikken som følger av sterk vind.

Uværet Aina innstiller ferje på Boknafjorden

INNSTILT: Ferjesambandet over Boknafjorden mellom Arsvågen og Mortavika innstilt på grunn av uvêret.

Foto: Lasse Erlandsen

Fleire fjellovergangar kan bli stengde i natt

Klokka 19 stengde Statens vegvesen Hardangervidda for all trafikk. Då hadde trafikantar over fjellet køyrd i kolonne i mange timar. Også Vikafjellet er stengd (sjå full oversikt i botn av saka).

Trafikkoperatør Morten Hansen i Statens vegvesen varslar at fleire fjellovergangar mellom aust og vest kan bli stengde i løpet av natta.

– Det er meldt kraftig vind utover natta, så me vil vurdera fortløpande om fjellovergangar må stengast.

Laster Twitter-innhold

Trafikkoperatøren opplyser om at fleire av vegentreprenørane på Vestlandet er bemanna opp som følger av ekstremvêret.

– Utover kvelden og natta er det først og fremst trevelt me roar oss for, seier trafikkoperatøren.

Også 110-sentralen i Hordaland er ekstra bemanna. Det same er energiselskapet BKK, som har sett inn ekstra montørar som følger av det venta uvêret.

– Me er ekstra bemanna og førebudd på vind og lynaktivitet. Lad opp mobiltelefonen, seier kommunikasjonsrådgivar Anne Mette Tuvin.

Tvingar ferjene til land

Været er venta å vera på sitt verste seint torsdag kveld og tidleg natt til fredag. Meteorologane spår opp til 11 meter høge bølger når ekstremvêret Aina treffer kysten.

Det får konsekvensar for ferjetrafikken.

Mortavika

STENGD: Ekstremværet Aina tvingar ferjesambandet Arsvågen-Mortavika til kai. Bilete er teke frå Mortavika ferjekai torsdag ettermiddag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

I Rogaland er ferjesambandet Stavanger–Tau innstilt inntil vidare på grunn av vêrtilhøva. Det same gjeld europavegsambandet Arsvågen-Mortavika. I tillegg er fleire lokale ferjesamband innstilte eller bak rute på grunn av sterk vind og kraftig sjø.

I Hordaland er det sambandet Langevåg-Buavåg mellom Bømlo og Sveio innstilt inntil vidare. Strekninga Fjelberg–Sydnes–Utbjoa–Skjersholmane er også innstilt, melder Norled.

Trafikkstasjonen på Fedje, som overvakar skipstrafikken langs kysten, stengde torsdag all trafikk av stortonnasje til og frå Sture og Mongstad på grunn av uvêret.

– På det meste har vindhastigheita vore på 24 meter per sekund, men det er rolegare no. Men det skal auka på utover natta, seier maritim trafikkerer Frank Johannesen.

Slik er situasjonen på fjellovergangane klokka 03.16:

  • Fv 7 Hardangervidda: Stengd på grunn av uvêr.
  • E 134 Haukelifjell: Stengd klokka 03.15 på grunn av uvêr.
  • Rv. 52 Hemsedalfjell: Vegen er open. Stiv kuling og snøbyer.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring for alle.
  • E16 Filefjell: Vegen er open. Stiv kuling
  • Fv Vikafjell: Stengd på grunn av uvêr
  • Rv. 9 Hovden – Haukeli: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fv 51 Valdresflye: Stengd på grunn av uvêr.
  • Rv 15 Strynefjellet: Vegen er open. Fare for glatt veg.

I NORD:

  • E 12 Umbukta i Nordland: Stengd på grunn av uvêr.
  • E 10 Bjørnfjell: Stengd på grunn av uvêr. Opnar tidlegast klokka 9.
  • E 6 Saltfjellet: Stengd på grunn av uvêr. Opnar tidlegast klokka 7.