Hopp til innhold

– Vil opne for auka økonomisk kriminalitet

Regjeringa vil gjere det meir lovleg å ta betalt for å ta med passasjerar i privatbil. No fryktar fleire at forslaget vil føre til økonomiske lovbrot.

Betaling med kort i taxi

ENDRING: Regjeringa vil opne for at folk kan få dekka utgifter når ein samkøyrer, men ikkje alle ser det positive med det.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Sist ut er fylkesdirektøren for samferdsel i Sogn og Fjordane, som er sterkt imot å opne for organisert samkøyring som eit alternativ til drosjekøyring.

– Det er vanskeleg å kontrollere at passasjer og sjåfør skal same veg. Det er umogleg å handheve, og då er vi over i økonomisk kriminalitet, seier assisterande fylkesdirektør Øystein Hunvik.

På tampen av fjoråret sende regjeringa ut eit nytt forslag om endringar i yrkestransportlova. Der opnar dei opp for å gjere samkøyring meir utbreidd, og at det er greitt å få betalt for å dekke utgiftene på turen. Drosjenæringa er skeptiske til forslaget, fordi dei fryktar at det vil opne opp for fleire pirattaxiar.

Avviser auka konkurranse

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom-Christer Nilsen, meiner endringane vil gjere regelverket tydlegare og klarare.

– Vi meiner dette er mindre utfordrande enn dagens regelverk som har fleire gråsoner, og vi sørgjer for at noko som er heilt vanleg ikkje blir kriminalisert.

«Ei liberalisering der det vert opna for at privatpersonar kan drive med organisert samkøyring, utan at det vert stilt krav til skikka sjåførar og firma med rekneskapsførsel, vil opne for auka økonomisk kriminalitet».

Sogn og Fjordane Fylkeskommune / Tilråding frå fylkesadministrasjonen

han trur heller ikkje at endringane vrir konkurransen eller fører til dei utfordringane som Fylkeskommunen peikar på.

– Om ein vennegjeng skal reise på hytta i lag, så må det vere lov å sitte på i same bil og dele på bensinrekninga. Eg trur det er ein utbreidd praksis. Endringane presiserer at det ikkje er lov å betale meir enn dei reelle kostnadane.

Øystein Hunvik

SKEPTISK: Øystein Hunvik i Sogn og Fjordane Fylkeskommune ser fleire negative enn positive sider ved endringane.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Fryktar rasering av drosjenæringa

Hjå fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane er det likevel stor skepsis. Også fordi ein er redde for at det blir vanskelegare å sikre drosjenæringa i utkantane jamn straum av inntekt. Fleire stader slit fylkeskommunen med å få folk til å ta på seg drosjeløyva, om endringane blir vedtekne er dei redde for at det blir endå vanskelegare.

– Det er avgjerande for dei som bur i distrikta at det faktisk er eit drosjetilbod. Vår vurdering er at dette forverrar situasjonen ytterlegare. Der er det krevjande å få nokon til å drive drosje i dag. Forsvinn endå fleire inntekter, er vi redd for at det ikkje blir mogleg, seier Hunvik.

I regjeringsapparatet er dei klare over at det er skilnad på å køyre drosje i distrikta og i byane.

– Vi vil ikkje gjere endringar før vi er 100 prosent sikre på at det tilbodet som er i distrikta er trygt og på plass.

Fylkeskommunar og andre høyringsinstansar har frist på seg til å kome med tilbakemeldingar til regjeringa 1. mars i år. Saka skal handsamast av fylkesutvalet for samferdsle 14. februar.