Hopp til innhold

– Vi må legge til rette for sauebøndene

Leiaren i rovviltnemnda, Noralv Distad, lovar å halde trykket oppe for å sikre uttak av rovdyr i Sogn og Fjordane.

Noralv Distad

LOVAR Å LEGGE TIL RETTE: Sauenæringa er viktig for Sogn og Fjordane, seier Noralv Distad i rovviltnemnda.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Eg meiner vi har hatt fokus på å gjere uttak av rovdyr, og eg er samd i at ein må halde trykket oppe, seier Distad.

Etter ein svært dyster sesong i fjor, der det vart gitt rovvilterstatning for nærare 1200 sau, har årets sesong vore den rake motsetninga.

Fristen for å søke erstatning for sau teke av rovdyr går ut 1. november, men inntrykket til no er at rovdyra knapt har fått forsyne seg.

I vinter vart det teke ut sju jervar, og dette har heilt klart gitt resultat, fortel bøndene. Leiaren i Sogn og Fjordane Sau og Geit, Ragnhild Sæle, meiner ein no må ta lærdom av den enorme forbetringa frå i fjor til i år.

– Heilt avgjerande

Noralv Distad er leiar for rovviltnemnda i region 1 som omfattar fylka Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Han gler seg over at tapssala ha gått dramatisk ned.

– I vår lukkast ein med å ta ut jerv, og det er heilt avgjerande. Så lenge det er jerv i området, veit vi at den gjer skade. Det har blitt gjort skade også i år, men heldigvis med nokså avgrensa omfang, seier Distad.

10. september starta lisensjakta på jerv i region 1, der det er gitt løyve til å felle åtte jervar i perioden fram til 15. februar. Men lisensjakt på jerv har vist seg å vere vanskeleg.

– Vi har ein krevjande natur , det er bratt og områda der jerven held seg ligg høgt til fjells.

Håpar lisensjakta skal bli meir effektiv

Han ser det difor som sjølvsagt at ein får gjere såkalla ekstraordinære uttak om ikkje lisensjakta lukkast.

Samtidig er det gjort grep for å gjere lisensjakta meir effektiv.

– Klima- og miljødepartementet har gitt løyve til å bruke kunstig lys, meir utvida bruk av snøscooter og elektronisk overvaking av jervebåsar. Vi håpar dette er verkemiddel som kan gjere lisensfellinga meir effektiv, seier han.

– Vi må legge til rette

Distad forstår godt at bønder som opplever store tap på grunn av rovdyr kan miste lysta til å drive med sau. Han vil gjere sitt for at Sogn og Fjordane skal vere fritt for rovdyr og viser til at Stortinget har bestemt at fylket er innanfor eit beiteprioritert område.

– Vi har fantastiske beiteområde og dyktige sauebønder. De er viktig at dei som vil drive vidare får høve til å gjere det, og at dei ikkje opplever rovviltskadar i så stort omfang at dei vurderer å slutte.

– Vi må legge til rette for at dei skal kunne halde fram i denne viktige næringa.