Hopp til innhold

– Vi må bli vande med grøne juler

I desse dagar drøymer vi saman med Bing Crosby om ei kvit jul. Men er det slik at kvite juler berre vil vere nettopp det, ein draum, i åra som kjem?

Det går mot grønn jul i Norge

MILDARE: Stadig høgare temperaturar vil gje meir grøne bakkar i jula dei komande hundre åra, som her frå Skatval i Stjørdal 12. desember i år.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

– Alle våre scenario viser at heile landet vil bli prega av at temperaturen aukar. Ein større del av nedbøren vil kome som regn. Det er ikkje akkurat det som genererer kvit jul, seier Stein Kristiansen, førstekonsulent ved klimatenesta til Meteorologisk institutt.

Han har gått gjennom utviklinga dei siste hundre åra, og det viser at det er sjeldnare kvite juler og at snødjupna er mindre. Men kva med årets jul?

– Det er veldig, veldig vanskeleg å seie allereie, for det er nokre dagar att. Det ser i alle fall ikkje ut til at heile fylket får ei kvit jul, men i høgareliggande strøk kan det kome noko snø. Førebels ser det ut til å bli relativt mildt, seier Kristiansen.

Klimaendringane gir stor variasjon i Norge

Kristiansen har bladd i dei omfattande rullane til Meteorologisk institutt og undersøkt utviklinga dei siste hundre åra. Dei viser følgjande:

  • 1901-1930: Åtte av ti juler var kvite
  • 1931-1960: Fem av ti juler var kvite
  • 1961-1990: Nesten åtte av ti juler var kvite.
  • 1991-i dag: Sju av ti juler var kvite.

– Dette gjeld der det har vore snødekke og ikkje. Det har nok vore enno større utvikling i sjølve snødjupna. Den er avtakande, seier han.

Stein Kristiansen

Stein Kristiansen.

Foto: Bård Gudim

– Er det klimaendringane som gjer dette?

– Det har alltid vore slik at dette varierer. Men vi kjem ikkje vekk frå at klimaendringane globalt påverkar oss også. Vi bur i eit område med meir variasjon enn store deler av kloden har. Her er vi heilt avhengige av lågtrykka og den kalde lufta frå Antarktis, seier Kristiansen.

– Kysten må venne seg til grøn jul

Resultatet er at meteorologane ventar færre kvite juler dei neste hundre åra.

– Ser vi framover er ikkje scenarioa vore oppløftande med tanke på kvite juler. Våre scenario om temperaturauken det komande hundreår viser at det vil bli mildare. Vinteren blir kortare, og desember er veldig utsett, seier Kristiansen.

Yr.no kan fortelje om langtidsprognosar som viser at det kan bli svært mykje nedbør på Vestlandet i jula, med klissklass i låglandet og masse snø i fjellet.

Og slik vil det også kunne sjå ut dei neste hundre åra, spesielt ved kysten.

– Vi kjem ikkje til å miste alle kvite juler. Det skal ikkje folk tru. Det kjem til å dukke opp snø, men vi kjem ikkje vekk frå at temperaturen er aukande og vil auke. Det blir enno meir merkbart ute ved kysten, for der er dei enno meir påverka av sjøtemperatur. Der må dei nok bli vande med grøn jul, seier Kristiansen.