Hopp til innhold

– Vi følgde ubåten utover fjorden

– Vi følgde lenge den framande ubåten utover Sognefjorden, fortel Arve Tryti som var ombord i «KMN Stavanger» under ubåtjakta i 1972.

Arve Tryti frå Årdal var ombord på fregatten for 38 år sidan, og fortel i dag at dei hadde kontakt med to framande ubåtar og følgde dei utover Sognefjorden.

– Ubåtane kunne vore senka, men vi fekk ikkje lov å skyte mot dei. Alt skulle haldast hemmeleg, fortel Tryti.

– Fekk ikkje lov å skyte

Arve Tryti var 21 år gammal og torpedominemann på «KNM Stavanger» i november 1972. Skipet deltok på ei stor NATO-øving i Nord-Norge, men vart dirigert sørover til å vere med på den stor ubåtleitinga i Sognefjorden.

– Fleire hadde obsevert ein framand ubåt i fjorden, og ein stor militæraksjon vart sett igang. Ubåten vart aldri funnen eller tvinga opp til overflata, noko som har si naturlege forklaring, seier Tryti:

– Vi hadde kontakt med to framande ubåtar, men det var tydleg at vi ikkje hadde lov å skyte mot dei, fortel han.

– Er du heilt sikker på at det var ein ubåt de såg på sonaren, kunne det ikkje ha vore andre ting?

– Ja, det er heilt sikkert at det var ein ubåt, svarar Tryti.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_5_19_51_23_2803.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ubåten i Sognefjorden endeleg til overflata.

Kontakt i 21 minutt

I eit nedgradert brev frå januar 1973 frå kommandør for sjøstridskreftene i Sør-Norge til Forsvarets overkommando, går det fram at ein norsk ubåt og andre norske skip hadde samanhengande kontakt med eit ukjent objekt i 21 minutt.

Det var difor mogleg å gå til angrep, men for strenge prosedyrar til å kunne starte eit angrep gjorde dette umogleg, heiter det.

Tidlegare ubåtkaptein og øverskommanderande i Nord-Norge, Einar Skorgen, seier det er fullt forståeleg at norske styresmakter ikkje ville senke framande ubåtar i Sognefjorden.

– Det var ikkje krig, så ein kan ikkje senke den. Ein skyt ikkje torpedoar som varselsskot, dei skyt ein for å senke, seier Skorgen.

Sleppt synkemine

Også Kjell Østerbø frå Ortnevik i Sogn, som då var 19 år, var ombord i «KNM Stavangar».

Han hugsar det vart sleppt synkemine mot eit ukjed objekt, men kjende ikkje til at det var teke kontakt med ein framand ubåt. Men dette kan ha si naturlege forklaring, ifølgje Østerbø:

– Det gjekk snakk om at vi hadde kontakt, men dersom dei som satt på sonaren fekk beskjed om å halde tett, så hadde ikkje vi andre fått vite det, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

VG 27. november 1972 - Hvorfor slapp u-båten unna?

Midt under ubåtjakta i 1972 vart det teke initiativ til at prosedyrane skulle endrast, slik at det skulle bli lettare å senke ubåten i Sognefjorden. Men dette sa forsvarssjefen nei til.

Foto: NRK

Midt under ubåtjakta i 1972 vart det teke initiativ til at prosedyrane skulle endrast, slik at det skulle bli lettare å senke ubåten i Sognefjorden. Men dette sa forsvarssjefen nei til.

– Forståeleg. Dersom ein senker ein atomubåt med atomraktettar i ein norsk fjord har ein både politiske problem, men ein har sannaleg andre problem også, seier Østerbø.