Hopp til innhold

Ikkje frå Sovjet likevel?

Ubåtane det vart leita etter i Sognefjorden i 1972 kan ha vore amerikanske, britiske eller franske.

Ubåtjakt i Sognefjorden.
Foto: NRK

Det seier nestkommanderande Jacob Børresen på KNM Utstein, som var med på ubåt-jakta den gongen.

Ikkje avklart

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972
Foto: NRK
Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972
Foto: Arkivfoto: NRK
VG 27. november 1972 - Hvorfor slapp u-båten unna?

VG 27. november 1972

Foto: NRK
Johanna Vangsnes ved Sognefjorden der ein ubåt vart observert i 1972.

Johanna Vangsnes var ei av fleire som den 12. november 1972 såg den framande ubåten ved Vangsnes i Sognefjorden.

Foto: Bård Siem / NRK
Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Foto: NRK
Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972
Foto: Arkivfoto: NRK
Ubåtjakt i Sognefjorden.
Foto: NRK

For historia om kva som skjedde i Sognefjorden i 1972 er enno ikkje avklart. Fleire har denne veka vore ute og fortalt om kva dei såg og opplevde i dagane for snart 38 år sidan.

- Sognefjorden var ideell for å skyte ut atomrakettar mot Sovjetunionen, seier Børresen.

Dermed meiner han at ubåtane like godt kunne kome frå ein av våre allierte.

Fiendtlege ubåtar

Men hovudhypotesen til Forsvarets overkommando er, som dei også skrev ned i 1972 og 73, at det var fientlege ubåtar som var i Sognefjorden i 1972, og dei var der for å finne ut om fjorden var eigna til å gøyme seg i og til å skyte ut rakettar mot USA.

Dokumenta var tidlegare unnateke offentlegheita, men er no nedgraderte og dermed tilgjengelege for alle.

I dei same dokumenta går det fram at Sovjetunionen hadde mistanke om at amerikanske ubåtar var Sognefjorden. Dette for å utforske det same, nemleg om allierte strykar kunne bruke fjorden som base for å skyte ut rakettar.

Ikkje overraska

Forfattar og tidlegare redaktør Rune Timberlid, som skreiv mykje om ubåtsaka i 1972, er ikkje overraska over at Sovjetunionen undersøkte Sognefjorden for eventuell utskyting av langdistanserakettar.

- Det har heile tida vore klart at dersom ein Warszawapakt-ubåt gjekk inn i Sognefjorden, så var det ikkje snakk om feilnavigering. Då måtte dei ha eit militært eller strategisk føremål som var viktig for dei. Eg tykkjer det høyrest logisk ut at dei var på jakt etter stad å skyte opp rakettar frå, eller deponere militært utstyr under sjøen i den grad det er mogleg, seier han.

- Umogleg å finne ut av

- Det er umogleg å stadfeste kva nasjonalitet dei framande ubåtane hadde, men det er minst like truleg at dei var amerikanske som at dei var sovjetiske, seier Børresen.

Johanna Vangsnes var ei av fleire som den 12. november 1972 såg den framande ubåten ved Vangsnes i Sognefjorden.

Observasjonane førte til at vart starta ei 16 dagar lang jakt med 15 marinefarty, fly og to britiske spesialhelikopter. Vangnes fortel at ubåten gjekk nære land og at ho såg han godt.

Skulle ikkje seinke ubåten

I og med at det var fredstid, var det aldri aktuelt å senke den framande ubåten.

- Dette visste dei som førte fartyet, seier Børresen.