NRK Meny
Normal

– Vegar må byggast raskare, betre og billegare

Det seier Ingrid Dahl Hovland, opphavleg frå Årdal, no tilsett som administrerande direktør for Nye Veier AS.

Ingrid Dahl Hovland

Ingrid Dahl Hovland er administrerande direktør for Nye Veier AS.

Foto: C.F. Wesenberg

Med eit budsjett på 130 milliardar skal ho blant anna ha ansvar for bygging av 553 kilometer veg i løpet av ein periode på tjue år.

– Det nye selskapet har fått eit ganske krevjande mandat, seier Dahl Hovland.

Raskare og billegare

Det nye selskapet startar opp etter årsskiftet og skal ha ein slank organisasjon, med 60 til 80 tilsette og hovudkontor i Kristiansand.

– Med tanke på den krevjande topografien i Norge, er det mogleg å bygge særleg raskare?

– Ja, eg har stor tur på at vi skal få det til. Det ligg óg i mandatet at det skal vere betre, og då må ein sjå på heile gjennomføringsmodellen. Kor ein kan gjere ting meir rasjonelt, seier Dahl Hovland.

Budd på diskusjonar

Veg er noko dei aller fleste har ei meining om og direktøren for det nye statlege selskapet er budd på at det kan bli mange diskusjonar framover.

– Det trur eg nok heilt sikkert. Det som er viktig er at ein prioriterer ut frå eit godt faktagrunnlag, og kanskje ikkje alltid lar særinteressene styre.

– Ikkje la særinteressene styre seier du, kva legg du i det?

– Det er mange lokale særinteresser langs ein veg. Vi må sjå på kva som tener ein større region. Vi vil sjå strekningar under eitt i større grad enn kva vi har gjort til no. I dag kan vi få ein stopp på kommunegrensa, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser