Hopp til innhold

– UWC-skulen gjer Førde meir aktuell for fredskorpset

Venstre-leiaren meiner kompetanse- og fagmiljøet ved UWC i Sunnfjord gjer at Førde er med i kampen om Fredskorpset.

Pedagog: Skei Grande har fartstid som lærar, og henta fram att kritet då ho mellom anna fortalde UWC-elevane om norsk jordbrukshistorie.

PEDAGOG: Skei Grande har fartstid som lærar, og henta fram att kritet då ho mellom anna fortalde UWC-elevane om den særeigne norske jordbrukshistoria, og kva den har hatt å seie for norsk samfunnsutvikling. Foto: Snorre Sandemose/NRK Video: David Kandal/NRK

Venstre og regjeringspartia ynskjer å flytte om lag 45 stillingar i Fredskorpset frå Oslo. Fredag vitja Venstre-leiar Trine Skei Grande verdsgymnaset i Flekke (RCNUWC), og ho meiner den internasjonale skulen kan telje positivt for Førde sine sjansar til å få huse Fredskorpset i framtida.

Det er difor Førde er med i konkurransen om å få Fredskorpset til seg, fordi vi har dette unike miljøet på UWC-skulen, seier Skei Grande til NRK. Men førebels kan ho ikkje avsløre om Førde vil få verte vertsby for Fredskorpset.

Alfred Bjørlo på RCNUWC

ENGASJERT: Ordførar i Nordfjordeid, Alfred Bjørlo, (V) tok også del i møtet mellom Skei Grande og UWC-elevane. "I vår tid er du ein global borgar same kvar du bur, etableringa av UWC i Flekke er eit godt døme på det", seier Bjørlo, som trur Fredskorpset ville fungere glimrande i Førde

Foto: David Kandal / NRK

Men ho legg til:

Vi kjem til å stå på for å få statlege arbeidsplassar ut, av di det er viktig distriktspolitikk. Samstundes er det også viktig demokrati- og maktspreiingspolitikk å flytte statlege arbeidsplassar vekk frå hovudstaden.

Elevar frå heile verda

Sumaya Said Salma kjem frå det okkuperte Vest-Sahara og var blant elevane som møtte opp i klasserommet for å møte Skei Grande. Grunna okkupasjonen har Salma vakse opp i flyktningleir i Algerie.

Sumaya Said Salma, elev frå Vest-Sahara på RCNUWC

FRÅ VEST-SAHARA: Elev ved RCNUWC, Sumaya Said Salma (22), er frå Vest-Sahara, men har vakse opp i ein flyktningleir i Algerie. Landet hennar har vore okkupert av Marokko sidan 1975, og er det siste formelt ufrie landet i Afrika. Tortur og andre menneskerettsbrot førekjem i det okkuperte territoriet.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Det at RCNUWC kvart år tek inn elevar frå konfliktfylte område som Vest-Sahara gjev Sunnfjord ytterlegare tyngde som mogleg vertskapsplass for Fredskorpset, trur Skei Grande, og ho legg til:

Eg trur eg har nominert fredsaktivistar frå Vest-Sahara til fredsprisen dei siste ti åra, so det er veldig spanande å møte nokon som kjem frå dei flyktningleirane som ein har vore med og kjempa for at skal opp på dagsordenen internasjonalt.

Fredskorpset er skeptisk

Erik Thompson, leiar for Samfunnsviterne Fredskorpset, er ikkje overtydd om at UWC-skulen i Flekke er eit tilstrekkeleg godt argument for å få flytt Fredskorpset til Førde:

Erik Thompson, leiar av Samfunnsviterne Fredskorpset

STORT FAGMILJØ: Erik Thompson i Fredskorpset meiner det viktigaste er at forvaltingsorganet er lokalisert der tilhøva ligg best til rette for at jobben kan verte gjort best mogleg. Sjølv trur han Fredskorpset dreg nytte av å ha eit stort fagmiljø innan bistand i nærmiljøet i Oslo.

– Vi veit at det er eit godt fagmiljø ved UWC i Flekke. Men dei er ein internasjonal skule og vi er ein bistandsorganisasjon med heilt konkrete oppgåver knytt til kompetanseoverføring i utviklingsland.

Han minner om at det er Utanriksdepartementet som eig Fredskorpset, og at UD i desse dagar greier ut kva for ein kandidatby i landet som høver best som hovudsete for Fredskorpset.

– Om politikarane har tillit til arbeidet som utgreiingskomiteen i UD gjer, bør dei i valet av fredskorpsby rette seg etter konklusjonane som komiteen kjem fram til, meiner Thompson. Han legg til at Sveinung Rotevatn, Trine Skei Grande og andre politikarar er velkomne til å ta turen innom Fredskorpset på besøk for å prate med fagforeiningane der.

– Vi vil fortelje dei kva vi meiner er best for Fredskorpset – for å kunne gjere den jobben vi er sett til å gjere av regjeringa og UD.

UWC OG FREDSKORPSET: Arne Osland trur nærværet av UWC i Fjaler i Sunnfjord vil gagne Fredskorpset om dei flyttar hovudkvarteret sitt til Førde.

UWC OG FREDSKORPSET: Arne Osland ved UWC i Flekke trur nærværet av UWC-skulen vil gagne Fredskorpset om dei flyttar hovudkvarteret sitt til Førde. Foto og video: David Kandal/NRK